Hopp til innhold

Toppscoraren håpar å ta Strømmen

Med siger i kveld er Sogndal klare for opprykkskvalifisering. – For oss er det viktig med tre poeng for å trygge opprykksplassen, seier Kristian Fardal Opseth.

Kristian Fardal Opseth

JAKTAR MÅL: Med sine 13 mål i år er Kristian Fardal Opseth nummer to på toppscorarlista i 1. divisjon. – Først og fremst er det opprykket som gjeld, så får heller toppscorartittelen komme som ein bonus, seier spissen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det er ikkje noko Sogndal-spelarane brukar mange kaloriane på, men tre poeng mot Strømmen betyr at dei dårlegast kan bli nummer seks i årets 1. divisjon.

I praksis den siste plassen som gir retten til kvalifiseringsspel om opprykk til eliteserien.

– Å sikre kvalifiseringsplassen er ikkje noko mange tenkjer på, det er meir å ta tre poeng for å komme eitt steg nærare opprykk, seier toppscorar Kristian Fardal Opseth.

Laster innhold, vennligst vent..

– Må halde luka

Reknestykket er enkelt. Ranheim som i dag er nærast ein kvalifiseringsplass,har 35 poeng. Sikrar serieleiar Sogndal tre nye poeng i kveld, skil det 17 poeng mellom dei to laga når det står att 15 poeng å spele om.

For Eirik Bakke sitt mannskap er det berre ein ting som tel: opprykk. Og der kan det bli kamp heilt til døra.

– Det er utruleg viktig å halde på luka til Brann og Kristiansund. Då må vi slå Strømmen heime på Fosshaugane. Det er det ikkje tvil om, seier Opseth.

Luka har minka

Victor Grodås

FOR TIDLEG: Kveldens oppgjer mot Strømmen kjem for tidleg for Victor Grodås.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Samstundes som Sogndal tek imot Strømmen, tek nemleg Brann imot Bryne i Bergen. I verste fall vil både Kristiansund, som vann sin kamp i helga, og Brann vere tre poeng bak når klokka nærmar seg 21 i kveld.

Fardal har lita tru på at det vil skje. Sogndal i sommar oppe 11 poengs forsprang på neste lag på tabellen. Førre måndag tapte dei 1–0 borte for Hødd.

– Vi er eit bra lag sjølv om vi hadde ein periode med mange uavgjort. Vi er meir enn gode nok til å slå alle lag i divisjonen. Med det kampprogrammet vi har att, så meiner eg vi kan ta tre poeng i alle om vi er skjerpa, seier han.

Grodås ute

– Så skal Brann møte Kristiansund i neste runde, og der vil eitt eller begge laga gje frå seg poeng. Då har vi moglegheit til å dra ifrå om vi gjer jobben sjølve, held Fardal fram og legg til:

– Det blir viktig dei neste kampane å konsentrere oss om oss sjølve og gjere det vi skal. Då skal ikkje nokon ha sjanse til å ta oss att.

Kampen mot Strømmen kjem for tidleg for Sogndal-back Victor Grodås. 23-åringen fekk ein brest i ribbeinet mot Nest-Sotra for to veker sidan.

– Det gjekk bra på trening heile veka, men så fekk eg meg ein ny trykk på. Eg håpar å vere tilbake mot Åsane, seier Grodås.

Laster innhold, vennligst vent..