– Det er trasig og grusomt. Selje Hotel var arbeidsplassen min i 40 år, fram til for eit og eit halvt år sidan. Først var eg med å bygge hotellet, så vart eg vaktmeister. Eg har berre gode minner frå å jobbe på hotellet, seier Gunnar Sunde.
- Les også: Ola høyrde fleire smell frå hotellet
Sunde fekk vite om brannen klokka seks fredag morgon, då dottera ringde og fortalde han om den. Han trudde først ikkje på det, og var framleis bevega då NRK snakka med han rett ved sidan av ruinane han hadde som arbeidsplass i førti år.
– Ho ringde og sa at hotellet er nedbrent. Først trudde eg ikkje på det, så vart eg sjokka. Det sit nok framleis i.
Samlingsplass
Selje Hotel har vore ein viktig samlingsplass sidan det vart bygd i 1975. Ekteparet Berge tok over drifta av hotellet året etter, og eigde det mellom 1983 og 2014. Sunde seier at hotellet har vore viktig.
– Selje treng eit hotell. Det har vore ein viktig samlingsplass ved gravferder, bryllaup og anna. I tillegg så treng Selje overnattingsplassar.
- Les også:
- Les også:
Nesten uverkeleg
Arvid Hamre er resepsjonssjef ved hotellet, men er permittert saman med dei andre tilsette medan hotellet er vinterstengt. Han tok beskjeden om brannen tungt.
– Det er frykteleg trist, eg tenker forferdeleg mykje på Gerd Kjellaug og Harald som har bygd opp hotellet og har det som sitt livsverk. Det er klart at det ikkje blir drift her til sommaren, og eg har ikkje klart å tenke framover. Det er nesten uverkeleg.
Hotellet har vore Selje si storstove fortel Hamre. Han har god tru på at hotellet vil bli bygd opp att.
– Ja, det trur eg. Vi må ha hotell i Selje, og dette er trist for heile bygda. Siste tida har det vore nok negative ting som har skjedd i Selje, så dette trengde vi verkeleg ikkje.
Hamre vart vekt tidleg av melding om brannen og var nede ved branntomta i morgontimane. Han fortel at det å vere med andre er godt.
– Eg hadde neppe klart å sove om eg prøvde på det, så det blir å vere i lag med andre, det er godt å prate og slik få tankane litt bort.