NRK Meny

Tek avstand frå partikameratar

Stortingskandidat for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane Hilmar Høl tek avstand frå partikameratane i Oslo Arbeidarparti, det skriv Firda i dag. I førre veke gjorde Oslo Ap stor motstand mot regjeringa sine planar om å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Eg respekterer synet deira, men ikkje haldningane dei syner ovanfor distrikta, seier Høl til avisa.

Hilmar Høl
Foto: Vidar Gudvangen / NRK