Hopp til innhold

Teigen forbanna etter budsjettframlegg

Flora mistar endå fleire arbeidsplassar i det framlegget til statsbudsjettet som regjeringa offentleggjorde onsdag. Det gjer ordførar, Ola Teigen, forbanna.

Ola Teigen

IGNORERT: Ordførar Ola Teigen er lei av at synspunkta til Flora kommune blir ignorert.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg trudde dette skulle vere eit høve til å diskutere skattekontoret i Florø. No viser det seg at avgjerda allereie er tatt. Finansdepartementet følger rådet frå skattedirektoratet og har allereie bestemt at dei legg ned kontoret i Florø, seier ordførar i Flora, Ola Teigen.

Teigen seier at han har brukt mykje energi på å kome i kontakt med finansdepartementet for å påverke avgjerda, men at departementet ikkje har vore interessert i å snakke med han.

– Medan departementet ikkje har vore interessert å høyre frå Flora, har andre kommunar fått kome med innspel heilt fram til budsjettet vart lagt fram. Det gjer meg forbanna og frustrert. Eg meiner det er ei arrogant haldning, det kan ikkje vere slik at nokre får kome med innspel medan andre ikkje får det.

– Dramatisk

I september vart det klart at Pelagia legg ned fabrikken sin i Florø. Det betyr at seksti arbeidsplassar forsvinn. I tillegg har kommunen mista 50 arbeidsplassar på grunn av politireforma, og i framlegget til statsbudsjett kjem det fram at også skattekontoret stenger dørene. Noko som betyr eit tap av 11 arbeidsplassar. Teigen meiner regjeringa ikkje tek utfordringane til Vestlandet alvorleg.

I budsjettframlegget gjer dei det motsette av å skape vekst og arbeidsplassar her i Flora. Det er dramatisk i ei tid der vi opplever ein tilbakegang i offshorenæringa. Det ser ut som Sanner vil straffe dei kommunane som ikkje ville slå seg saman, ved å flytte arbeidsplassar til kommunar som har logra med halen og gjort slik han ønsker.

Vil jobbe vidare

Trass at kommunen får hard medfart i statsbudsjettet gir ikkje Teigen opp kampen.

– Eg skal utfordre regjeringspartia endå ein gong. No har eg fått avtale om eit møte med Venstre og eg skal snakke med Arbeidarpartiet. Eg kjem til å arbeide breitt for at Flora sine synspunkt blir høyrd av politikarane. Vi er leie av å bli ignorert.