NRK Meny
Normal

Tefre tidelar frå semifinale

– Dette var bittert, eg følte eg var med, seier Gjøran Tefre.

Gjøran Tefre under Skandinavisk cup i Trondheim

AKKURAT IKKJE: Gjøran Tefre hadde ikkje tidelane på si side i kvartfinalen.

Foto: Berit Tefre / NRK

23-åringen frå Førde tok starten i kvartfinalen og mangla berre tidelar på å få gå semifinale i verdscupdebuten i sprint.

– Eg fekk ein litt dårleg plass i bakken, og kom litt på etterskot, seier Tefre.

Tefre var eigentleg vraka til verdscuphelga i Lahti. Kort tid før landslagets avreise til Finland fekk han kontrabeskjeden, då Sondre Turvoll Fossli melde forfall.

Tefre kjempa sterkt i innspurten, men hamna i feil spor og vart nummer tre i fjerde heat. Og akkurat det kjendest litt bittert.

– Ja, for eg er god nok til å gå vidare. Det er litt tøffare her enn det eg har vore vand med heime i Norge. Det var ein god prolog, og så nesten ..., eg må få nokre fleire sjansar så vert det bra, seier Tefre.

Vegopning på Bergum i Førde kommune