Hopp til innhold

Tefre om nedlegginga av laget: – Det kom som eit sjokk

Privatlaget Team LeasePlan vert lagt ned. – Eg mister eit av verdas beste sportslege opplegg, seier langrennsløpar Gjøran Tefre (22) frå Førde.

Gjøran Tefre under klassisk sprint på Lillehammer, desember 2016. Scandinavisk cup

TØFT ØKONOMISK: Før neste sesong vert ikkje Gjøran Tefre å sjå i den karakteristiske tigerdrakta til Team LeasePlan, og dei økonomiske føresetnadane for vidare satsing vert drastisk endra. Her under klassisk sprint i Skandinavisk cup på Lillehammer, desember 2016.

Foto: Privat

– Laget har gitt med verdas beste føresetnadar for å bli ein betre skiløpar. Eg var budd på endringar, men det kom som eit sjokk at laget vert lagt ned, seier Gjøran Tefre til NRK.

I går kom meldinga om at tidlegare storløpar Thomas Alsgaard ikkje har klart å få på plass ny sponsor til laget, og at laget vert nedlagt. Tefre vart henta til laget før sesongen som nett er avslutta, og har levert gode resultat på slutten av sesongen.

På nivå med landslaget

Team LeasePlan var Norges største privatlag i langrenn og eit heilprofesjonelt tilbod til utøvarar som ikkje er ein del av landslaget i langrenn.

– Laget har betydd alt for meg. Dei har hatt eit av verdas beste sportslege opplegg med profesjonelle smørjarar, gode trenarar og ein økonomisk tryggleik, seier Tefre.

– Vi har hatt omtrent dei same vilkåra som landslagsløparane, seier Tefre.

Etter ein sesongstart prega av sjukdom, kom Tefre sterkt tilbake på slutten av sesongen og gjekk blant anna inn til ein niandeplass på femmila under NM del 2 på Gålå. Det takkar han laget for.

– Då eg var sjuk støtta laget me og den gode treninga i fjor haust og sommar gjorde at eg klarte å levera gode resultat då eg vart frisk att, seier Tefre.

På laget har han hatt med seg blant anna Andrew Musgrave som vart nummer fire på VM-femmila og Daniel Stock som tok andreplassen under tremila i prøve-OL i Pyeongchang.

Tøft økonomisk

Med Team LeasePlan i ryggen har Tefre hatt trygge økonomiske rammer og eit sportsleg opplegg lagt opp til at utøvarane skal utvikla seg mot verdstoppen. Til neste sesong er det vekk, men motivasjonen er på topp.

– Eg er ekstremt motivert. Eg veit at eg enno ikkje har fått ut potensial mitt som skiløpar og får eg ein skade- og sjukdomsfri sesong kan eg gå veldig fort på ski, seier Tefre.

Men neste sesong må han etter alle solemerke grave djupt i eiga lommebok.

– Det vert ei ekstra utfordring, men eg håpar å stabla på beina eit opplegg som gjev meg like vilkår for satsing neste sesong også, seier han.

Før han gjekk til Team LeasePlan i fjor var Tefre ein del av Team Veidekke Vest. No er han på jakt etter eit nytt lag.

– Eg har snakka med nokre, men eg må ta ting i riktig rekkefølge. Eg må sjå på heilskapen i opplegget, men eg håpar og trur det ordnar seg, seier han.

Thomas Alsgaard for Team Leaseplan Go

OVER OG UT: Thomas Alsgaard har ikkje klart å skaffa ny sponsor til privatlaget sitt og med det er det slutt for Team LeasePlan og dei karakteristiske tigerdraktene.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix