Hopp til innhold

Teaterstykket som vil ha oss til å dyrka vår eigen mat

FØRDE (NRK): Fredag er det premiere på framsyninga «Mat» ved Sogn og Fjordane Teater. Målet er å inspirere oss til å dyrka vår eigen mat.

Teaterframsyning Mat

SISTE FØREBUINGAR: F.v. Maria Halseth og Ole Christian Gullvåg får instruksjonar frå regissør Aslak Moe.

Aslak Moe er manusforfattar og regissør for «Mat». Gjennom framsyninga ynskjer han å setja eit søkjelys på at norske gardar blir lagde ned medan matimporten aukar.

– Teater er min måte å påverka verda på. Eg vil at publikum skal bli oppskaka og inspirert, seier han.

Solveig Systad og Marianne Husebø

FRAMTIDAS BØNDER: F.v. Solveig Systad og Marianne Husebø går på Mo Jordbruksskule og fekk med seg prøveførestillinga.

Faktatung framsyning

«Mat» er eit informativt og dokumentarisk teaterstykke. Ole Christian Gullvåg speler ein evig student som engstar seg over jordbruket og matforsyninga i Noreg.

Maria Halseth sin karakter er ein matbloggar som i utgangspunktet ikkje har tenkt gjennom dei store spørsmåla kring landbrukspolitikk. Saman skapar dei ei framsyning som presenterer det norske landbruket si fortid og framtid.

Marianne Husebø og Solveig Systad går på Mo Jordbruksskule og vurderer å bli bønder i framtida. Dei er svært interesserte i dei fakta og tema som kjem fram av teaterstykket.

– Eg synest framsyninga var veldig bra. Det sette ting i perspektiv for meg, seier Husebø.

Ho er einig med Systad i at teaterstykket var svært faktarikt.

– Me har om alt dette på skulen. Men viss eg hadde gått på eit vanleg studium, så hadde eg ikkje skjønt noko av dette, trur eg. Eg hadde skjønt poenget med teaterstykket, men ikkje alle fakta om fosfor, antibiotika og alt det der. Men eg skjønar det no, sidan eg lærte om det på skulen, forklarer Systad.

Uroa over Noreg si matforsyning

Torkil Sandsund er initiativtakar og prosjekteigar for «Mat», og laga stykket blant anna fordi han uroa seg over norsk matforsyning. Han seier at han engstar seg over at Noreg har den lågaste sjølvforsyningsgrada i verda.

Frå 1959 til 2011 minka talet på norske jordbruksbedrifter frå nesten 200 000 til under 50 000, ifølgje Statistisk sentralbyrå sine nettsider. Norsk jordbruk er sterkt subsidiert, og mange norske bønder tapar pengar på drifta si.

– Kvifor kan me ikkje berre importera maten vår frå utlandet?

– Det kan og gjer me, for me har nok pengar til det. Det som er viktig er å legga til rette for å produsera mat om femti og hundre år, dersom me ser at det kan oppstå problem med matforsyninga i verda, hevdar Sandsund.

Teaterframsyning Mat

KLAR FOR PRØVEFØRESTILLING: Skodespelarane Maria Halseth og Ole Christian Gullvåg er ved godt mot ein time før prøveførestillinga.