Hopp til innhold

Teaterstykke dedikert til Simon (9)

Teatergruppa 1+2 Produksjoner har engasjert seg sterkt i saka til ni år gamle Simon, som i haust vart sendt ut av landet saman med far sin.

Simon og faren Fkade Thaye bur i Bari

Etter halvanna år i Florø, har Simon budd 35 dagar i ein park i italienske Bari.

Foto: Privat

Gruppa reiser kring om på Vestlandet med stykket Tornerose. Dette stykket er dedikert den utsende niåringen, opprinneleg frå Eritrea.

LES: Alt om Simon-saka

- Det er appell før kvar framsyning, vi har halde av ein plass i salen heilt framme til Simon og skodespelarane på eige initiativ ynskt å bli trekt i løn. Pengane skal gå til billetten deira heim, fortel Jørn Kvist.

- Spesiell og grov sak

Det vakte sterke reaksjonar då Simon og far hans Fkadu vart sendt ut av landet tidlegare i haust. Dei to hadde då budd i Florø i halvanna år og var godt integrert i lokalmiljøet.

- Vi tykkjer det er ei veldig spesiell og grov sak. Det er ein barnelagnad. Vi sette oss inn i saka då vi kom til Florø og vart veldig gripne av saka. Det vart ein veldig kontrast med borna som sat der med popcorn og gledde seg, og guten som skulle vore der, men som sit på gata i Italia, fortel Kvist.

(Artikkelen held fram under innslaget)

Video nsps_upload_2009_9_10_18_47_7_1284.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Glad og rørt

Responsen har vore overveldande. Kvist seier det er naturleg at teatergruppa som formidlar av barnekultur skal bry seg når dei meiner noko er feil. Kåre Leiv Hollevik i støttegruppa for Simon og far hans, er rørt over engasjementet.

- Ein vart både veldig glad og rørt over det. Det er eit stort vendepunkt eigentleg, seier Hollevik.

(Artikkelen held fram under innslaget)

Video nsps_upload_2009_9_17_18_29_46_1911.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Ekstra kraft

Etter at dei to vart sendt ut av landet har det kome fram at far til Simon skal ha bløffa seg til opphald i Norge , og gøymde seg for politiet då dei kom for å sende han ut av landet i mars. Det har ikkje teke gnisten frå aksjonistane i Florø. Frå før har lokale diktarar og artistar skrive dikt og song. Desse blir lest opp og spelt kvar kveld på torget i Florø.

- At ei teatergruppe også spreier saka no, gjev kampen vår ekstra kraft, meiner Hollevik.

(Artikkelen held fram under innslaget)

Video nsps_upload_2009_9_14_18_27_2_1514.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Uverdig liv

No er det 35 dagar sidan Simon og Fkadu vart sendt ut av landet. Det er framleis uvisst kva lagnad som ventar dei to. Men i kystbyen har dei ikkje gjeve opp kampen for å få dei attende frå gata i Italia.

- Vi i støttegruppa bidreg med pengar innimellom, men det held berre til nokre dagar under tak og så er det ut att i parken. Det er eit forferdeleg uverdig liv og eg trur det er i ferd med å prege Simon og faren, seier Hollevik.