NRK Meny
Normal

Teateret får meir pengar

Regjeringa løyver ein halv million kroner ekstra til Sogn og Fjordane Teater i statsbudsjettet, som vert lagt fram på fredag.

Sogn og Fjordane Teater - "Saman skal vi leve"
Foto: NRK

Medlem av familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Erling Sande frå Senterpartiet, har denne forklaringa på ekstraløyvinga i teaterbudsjettet:

 

- Krevjande å turnere

- Vi aukar løyvingane til Sogn og Fjordane Teater fordi teateret driv ein viktig jobb som formidlar av kultur i Sogn og Fjordane. Vi veit korleis fylket vårt ser ut, det er stort, og det å drive turnéverksemd i eit slikt fylke er krevjande, og det er ein av grunnane til at teateret blir styrka.

"Saman skal vi leve"

- Ei anna årsak er at teateret har markert seg godt på fleire stykke som dei har produsert, mellom anna "Saman skal vi leve", som no Riksteateret har turnert med. Dei har markert seg godt og har ein utfordrande jobb med å formidle teater ut til folk i fylket.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser