NRK Meny
Normal

Ferjefolk fekk smakebit av teaterstykket "Kjærleikens ferjereise"

Medan dei reisande venta på ferja fekk dei lokkemat for at dei skal bli publikum på Sogn og Fjordane si storsatsing "Kjærleikens ferjereise".

På ferjekaia på Fodnes i Sogn fekk dei reisande ein smakebit av teaterstykket Kjærleikens ferjereise.

– God dag, eg kjem frå Sogn og Fjordane teater og kan eg få by deg på ein smakebit frå vår storsatsing i haust, teaterstykket Kjærleikens ferjereise? Spørsmålet kjem frå Kjell Mjelleli som er marknadsrådgjevar i Sogn og Fjordane teater.

I dag har han tatt arbeidsdagen eit steg lenger enn vanleg. Han går målretta går mot kvar einaste bil på Fodnes ferjekai for å promotere haustens storsatsing – Kjærleikens ferjereise. Det er ei musikaloppsetting skrive av Edvard Hoem.

(Saka held fram under biletet)

Kjærleikens ferjereise

LOKKEMAT: Sogn og Fjordane teater har heilt spesiell promoteringsturné for å få publikum til musikalen Kjærleikens ferjereise. Dei lokka med klassisk ferjemat - svele.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Her på ferjekaia kjem ein ekstra tett på marknaden og publikum. Så dette er kjekt og interessant jobb å vere med på!

Ekte smakebit

For å få dei reisande til å "bite på" promoterinsstuntet har Mjelleli med seg klassisk ferjemat – svele. I tillegg byr han dei reisande på knasande raude eple frå Sogn. Og litt kaffi i koppen.

– Eg såg de skulle komme til Sogndal. Så du ser meg der, seier ei av dei reisande i ferjekø.

Mjelleli meiner teaterstykket er ein slager. Romanen er skrive av Edvard Hoem og kom for første gong ut i 1974. Då vart boka innstilt til Nordisk Råds litteraturpris.

(Saka held fram under biletet)

Kjærleikens ferjereise

TRIVELEG Å VENTE: Ferjepassasjerane kosa seg med smakebitar frå Sogn og Fjordane teater si store haustsatsing - Kjærleikens ferjereise.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Mange hugsar boka godt og når eg byrjar å snakke om den blir det kveikt ein loge i dei, humrar Mjelleli.

Byr på seg sjølv

Men marknadssjefen er ikkje den einaste som er på ferjekaia for å "fri" til potensielle publikummarar. Ein av skodespelarane er iført tidsrett antrekk for skodespelet, med blå slengbukse, gule gummistøvlar og skjorte med breie snippar.

– Eg har tatt på meg 70-talet og her står eg og byr på meg sjølv. Håret har eg latt vekse for å vere heilt i tida. Det er ikkje nokon som køyrer forbi her utan å legge merke til meg, humrar skodespelar Fredrik Høstaker.

Han skal vere med i oppsetjinga til Sogn og Fjordane teater. Han har rolla som Hans Kristiansson.

Ekte dritsekk

– Han er ein sjarmør og dritsekk. Han tenkjer berre her og no, og tar kanskje ikkje dei smartaste vala. Men det er ei spennande rolle. Dette er ei rolle veldig langt frå meg sjølv, får eg håpe, ler den unge skodespelaren i 20-åra.

(Saka held fram under biletet)

Fredrik Høstaker

DRITSEKK: Fredrik Høstaker spelar ei av hovudrollene i teaterstykket. Her poserer han i tidsrett antrekk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er første gong han spelar eit teaterstykke i regi av Sogn og Fjordane teater. Men på Fodnes ferjekai trivst Høstaker godt.

– Det følest veldig rett å stå på ei ferjekai. Ferje er jo eit vestlandssymbol. Så det ligg hjartet mitt nær.