Team Melkesyre feirar å ha kome på toppen

LOEN (NRK): For mange av dei 1826 deltakarane i motbakkeløpet Skåla Opp er det å kome i mål den beste medaljen. Sjå bileta frå den strabasiøse turen!

Team Melkesyre
Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Team Melkesyre kom heilt frå Bergen for å måle krefter med det 1848 meter høge fjellet.

– Eg er strålande fornøgd, det var så herleg å komme opp, seier Pinar Heggernes etter målgong.

Skåla Opp 2015

FLOTT UTSIKT: Vakre omgjevnader og fantastisk utsikt er ei viktig årsak til at motbakkeløpet trekkjer til seg tusenvis av deltakarar kvart år.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Våkenatt i skålatårnet

Ho og venninna Solveig Nordal klokka inn på to timar og femten minutt.

– Det var tungt og bratt, men eg er utruleg fornøgd, seier Nordal.

– No skal vi heie på mennene våre som deltek i konkurranseklassen, seier dei to.

Deler ut medaljar

EDELT METALL: Maren Loen, Julie Flølo Herrevold og Alida Bruland tek imot slitne deltakarar på toppen.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

På toppen ønskte Maren Loen, Julie Flølo Herrevold og Alida Bruland dei velkomen. Dei hadde ansvaret for å dele ut medaljar til deltakarane. Alle tre sov i tårnet i natt.

– Eg var vaken til klokka tre, og det var ganske varmt, men elles fint, seier Loen.

Imponerte i vinden

Det var svært sterk vind på toppen i natt. Dei som sov i telt ved Skålavatnet fekk merke kor vinden sleit i teltdukane. Tidleg på dag var det òg sterk vind, men han minka og sola begynte å skine i det konkurranseklassen kom i mål.

Richard Loen (14) og Erik Heggdal Skogen (8) imponerte i dei yngre klassane. Begge kom i mål på under to timar.

– No er beina tunge, seier dei.

Debuttantar

– Det er første gong på Skåla og første gong eg har stått opp klokka seks for å gå på fjellet, seier Cato Aurstad.

– Det er heilt fantastisk å kome opp, seier Siri-Ann Aurstad.

Begge åt niste og hadde fått på seg tørre klede då NRK trefte dei på toppen.

Frå v: Siri-Ann Aurstad Cato Aurstad frå Ørsta og Ove Hallaråker frå Bergen.

DEBUTTANTAR: Frå venstre Siri-Ann Aurstad og Cato Aurstad frå Ørsta og Ove Hallaråker frå Bergen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg drog på i starten og følte eg var i kjempeform, men så vart det tungt på slutten, seier Ove Hallaråker.

Han har teke turen frå Bergen.

– Turen var vindfull, men flott, seier han, som ventar på at kompisen skal nå 1848 meter.