No tek næringa sjølve initiativ til eit forskingsprosjekt for å betre si eiga helse, seier prosjektleiar for Taxi Millenium, Tor Lund. - Det er eit problem med overvekt og røyking, seier han
Et feil, trimmar lite
For ei undersøking blant omlag 2000 drosjesjåførar i Rogaland har vist at denne yrkesgruppa et feil, røykjer mykje og trimmar for lite. Over halvparten av taxisjåførene i undersøkinga var overvektige, og meir enn halvparten trenar aldri. Og med bakgrunn i undersøkinga i Rogaland, skal no også drosjesjåførane i Sogn og Fjordane undersøkjast, seier prosjektleiar Tor Lund.
Lågare levealder
Og no ligg spørjeskjema klar til å sendast ut til drosjenæringa i Sogn og Fjordane. Generelt er den venta levealderen blant drosjesjåfører langt lågare enn for nordmenn flest. Og det er det prosjektet Taxi Millienium ynskjer å gjere noko med.
- Målet vårt er å motivere næringa til å trene meir og ete sunnare mat, seier Lund.
- Ut å gå
Når kartlegginga av sjåførane i fylket er ferdig, blir neste mål å få igang konkrete tiltak. I Rogaland er dei allereie i gang.
- Vi må få folk ut å gå. Vi prøver å lage grupper som kan mosjonere saman, og vi har knytt til oss fagfolk på kosthald og mosjon, seier han.