Kommentar av Rolf Sanne-Gundersen, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane
I perioden 1. oktober 2009 til 18. juni 2010 engasjerte Åge Starheim frå Frp seg i fem debattar på Stortingets talarstol. Arbeiderpartiets Tor Bremer i åtte, og partikollega Ingrid Heggø i 14 debattar. Til samanlikning har Trine Skei Grande frå Venstre engasjert seg i 102 debattar i same periode.
Tala ser stygge ut. Åge Starheim frå Selje er den minst engasjerte representanten av alle dei 165 folkevalde på Stortinget.
Ferskingen Bjørn Lødemel frå Høgre og vikaren til Liv Signe Navarsete, Erling Sande, er unnataka. Dei har engasjert seg i høvesvis 32 og 31 debattar.
Late og uengasjerte?
Kva fortel eigentleg desse tala? At Starheim, Bremer og Heggø er late og uengasjerte? Neppe.
Spesielt engasjerte er dei ikkje. Spesielt synlege er dei heller ikkje. Men late, det trur eg ikkje. Og eg trur heller ikkje vi skal leggje for mykje i desse tala, livet som representant på Stortinget består av langt meir enn å engasjere seg i debattar frå stortingets talarstol.
Solid posisjon
Tala fortel nok meir om posisjonen dei har i eige parti. Skei Grande toppar engasjementlista fordi ho er partileiar i Venstre. Erling Sande er miljøpolitisk talsmann i Senterpartiet og leiar av energi og miljøkomiteen. I tillegg har han markert seg som tydeleg og engasjert i ulike saker, no sist i sjukehussaka i heimfylket.
Bjørn Lødemel sit i same komite som Sande, er særleg engasjert i kraftlinjesaka og har i tillegg ein solid posisjon i Høgre. Han tilhøyrer ein gjeng nye representantar i Høgre med ordførarbakgrunn, og kan i tillegg vise til gode resultat som partileiar i Sogn og Fjordane gjennom opprettinga av lokallag i alle kommunane.
Uroa partiapparat
Verken Starheim, Bremer eller Heggø har same posisjonane i sine parti, eller i komiteane. Mangelen på synleg engasjement uroar nok partiapparatet til Framstegspartiet og Ap i heimfylket som no har starta førebuingane til ein ny valkamp. Ein kommunevalkamp der stortingsrepresentantane er sentrale brikker.
På heimebane har Åge Starheim markert seg som ein ilter gneldrebikkje, men på riksplan er han anonym, og han vedgår at han er farleg nær stempelet som lat. Noko han har tenkt å gjere noko med, og det er kanskje på tide, 336 dagar før kommune- og fylkestingsvalet neste år der Frp har som mål å erobre fleire kommunestyreplassar i Sogn og Fjordane. Då treng dei ein hærførar som viser igjen.
I rett komite, men
Ingrid Heggø blir av enkelte omtalt som Aps førstekvinne i Sogn og Fjordane, men slit med å få gjennomslag. Flyttinga til næringskomiteen skulle i utgangspunktet gjere jobben lettare for ei kvinne frå industristaden Høyanger. Slik har det ikkje vorte.
Heggø har gjort enkelte forsøk på å markere seg i sjukehusstriden, men fått klar beskjed av partikameratane med Clara Øberg og Harry Mowatti spissen om å ligge unna, noko ho no har teke konsekvensen av. Då treng ho andre saker å markere seg på, dei har vi ikkje sett eller høyrt.
Sinna kar
Tor Bremer har heilt bevisst halde seg unna sjukehussaka, delteke i åtte debattar på Stortinget og heilt sikkert jobba utan at det er lagt merke til av så mange.
Bloggen hans er sist oppdatert 18. juni 2010, og det folk hugsar best er ein sinna kar i eit fly ein stad i utlandet som sa ”klimakrise meg midt i røvi”. No sist markerte han seg ved å vere fråverande i debatten før, under og etter at statsbudsjettet vart lagt fram.
Engasjement er vanskeleg å måle i statistikk, men politikarar som vil noko viser som regel igjen anten det er på stortingets talarstol, i avisspaltene eller andre synlege stader.