NRK Meny
Normal

Taus Thomas Drage ferdig i Sogndal

Han kom som ein halvvegs flopp, men eit halvt år i sogndaltrøya gjorde godt for det tidlegare stortalentet Thomas Drage (23). No går turen vidare til nye utfordringar.

Thomas Drage fossar opp kanten for Sogndal

VIKTIG BRIKKE: Han var nærast avskriven som fotballspelar, men i haust imponerte Thomas Drage for eit opprykksjagande Sogndal. Her fossar han opp langs kanten i heimekampen mot Haugesund, der han noterte eitt mål og to målgjevande pasningar.

Foto: Christian Blom / NRK

Det stadfestar sportsleg leiar Håvard Flo.

– Vi var i utgangspunktet interesserte i å ha han med oss vidare. Men Drage ville bruke tida til å sjekke andre alternativ. For at ting ikkje skulle dra ut, gav vi ein frist til å gje ei avklaring. Den avklaringa har ikkje Drage vore i stand til å gje oss, så difor er han sjekka ut av saka, for å seie det slik, seier Flo.

– Vi vart veldig glade i Thomas Drage

Som 19-åring dominerte kantspelaren på eit tromsølag som tok sølv i 2011. Men sidan har det gått trått. I vår sat han stort sett på benken og turen gjekk til saftbygda på jakt etter speletid – og kanskje god gamal form.

ELITESERIEKVALIK

SKUFFA: Sportsleg leiar Håvard Flo seier dei ønskte Thomas Drage med vidare, men at spelaren ønskte nye utfordringar.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Resultatet vart eitt mål og seks assist på tretten kampar, meir enn godkjent for ein spelar som ikkje hadde vore seg sjølv på fleire år. Men trass oppturen, både for seg sjølv og klubben, ønskjer altså ikkje Drage å vere med Sogndal opp i eliteserien.

– Det er klart det er litt synd, for vi vart veldig glade i Thomas Drage, både som spelar og type. Men det er ein del av gamet at spelarar søkjer neste steg i karrieren, seier Flo.

Han trur ønsket om å flytte til ein større plass enn Sogndal, ikkje berre ein større klubb, hadde sitt å seie for valet.

– Men etter det vi har følt og har blitt fortalt, så har han trivst veldig godt i vår klubb, seier Flo.

Vurdere nye signeringar

Etter sesongen har Sogndal henta to nye spelarar, midtbanespelaren Ole Amund Sveen frå Hødd og spissen Martin Ramsland frå Strømmen.

Flo seier dei vurderer om det er bruk for fleire forsterkingar.

– Det er nok ikkje utenkjeleg at vi får sjå nokre nye ansikt kanskje i forsesongen og på nyåret, seier Flo.

NRK har gjentekne gonger prøvd å få kontakt med Thomas Drage. Men han har ikkje svart, verken på telefon eller SMS.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.