Hopp til innhold

Taus om tidspunkt for stamveg-utbygging

SKEI (NRK): Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ville ikkje seie noko om når opprustinga av stamvegen forbi Førde og indre line i Nordfjord kan starte opp.

Tom Cato Karlsen og Ketil Solvik-Olsen

Statssekretær Tom Cato Karlsen og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen ville ikkje seie noko om kva tid arbeidet på den nye stamvegen forbi Førde og indre line i Nordfjord kan starte opp.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det var knytt spaning til om ministeren ville lette på sløret og seie noko om kva tid han kan tenkje seg at dei nye store opprustingane på E39 gjennom fylket kan starte opp. Men det var umogleg å få noko som helst ut av han om dette.

Gangfelt og fartsdumpar

E39 går gjennom trafikkerte Førde sentrum med mange gangfelt, fartsdumpar og 40-soner. Når folk skal til og frå arbeid, er køane er ofte lange inn ut av byen. Dette er noko av bakgrunnen for at ein heilt stamvegtrasé utanfor Førde sentrum er under planlegging.

Eg er sikker på at statsråden ser at det er behov for ny stamveg forbi Førde.

Olve Grotle

–Vi ønskjer ikkje at hovudvegane våre skal ha 40-sonar, fartshumpar og fotgjengarovergangar, sa Solvik Olsen utan å ville seie noko som helst om tidspunkt for oppstart av ny trasé utanom Førde sentrum.

Vil koste mange milliardar

Vegen utanom Førde sentrum som må leggjast mykje i tunnel er kostnadsrekna til mellom 3,5 og 5 milliardar kroner.

Førde-ordførar Olve Grotle (H) hadde følgjande kommentar etter å ha snakka med Solvik-Olsen.

– Eg er sikker på at statsråden, no når han køyrer gjennom fylket, ser at det er nødvendig å få ein ny veg forbi Førde. Kva tid vi kan kome i gang veit eg ikkje, men det er mi oppgåve å vise korleis situasjonen er i dag, sa Grotle.

Taus om Nordfjord-start

Sven Flo

Det er viktig at vi ikkje taper tid i prosessen som skal køyrast framover. Det må sjølvsagt også følgje pengar med for å få indre stamvegline realisert, sa Sven Flo, ordførar i Stryn.

Foto: Trond Vestre / NRK

I Nordfjord har regjeringa vedteke at indre line frå Byrkjelo gjennom Utvikfjellet med bru over Nordfjorden skal vere den nye stamvegen.

– No har planprogrammet kome i gang. Det vil vere grunnlaget når vi skal prioritere i Nasjonal transportplan, sa Solvik-Olsen.

Ordførar Sven Flo i Stryn (H) var klar på at han ønskjer raskast mogleg framdrift.

– Planprosessen er i gang og vi håper veldig mykje vil vere avklart i 2018. Då ligg ikkje dette så langt fram i tid, sa Flo.