Hopp til innhold

Kjerstin Boge Solås med i EM-troppen

Kjerstin Boge Solås er tatt ut til den endelege troppen til europameisterskapen i handball i Sverige.

Kjerstin Boge Solås

YNGST: Kjerstin Boge Solås er den yngste av spelarane som er tatt ut til EM.

Foto: Frank Cilius / NTB scanpix

– Det var eit lite sjokk å bli tatt ut, men det kjennest bra, seier Kjerstin Boge Solås.

Tysdag føremiddag vart troppen Thorir Hergeirsson skal ha med seg til Sverige i desember klar. Der er 18 år gamle Kjerstin Boge Solås frå Sunnfjord med. 18-åringen spelar til vanleg eliteseriehandball for Tertnes, ho får ein spanande slutt på året.

– Først er det to viktige kampar med Tertnes, ein seriekamp og ein semifinale. Det er dei eg konsentrerer meg om no. Så blir det å legge eit bra grunnlag for EM. Eg trur det er viktig å gå inn i meisterskapen med litt ekstra sjølvtillit.

Sjeldan moglegheit

Sunnfjordingen fekk sin landslagsdebut tidlegare i haust då ho spelte to kampar i ei firenasjonersturnering i Danmark. Boge Solås trur det blir endå meir trykk i EM.

Eg har kjent litt på korleis det er å vere på landslaget no under Golden League i Danmark, men det blir nok endå meir trykk no. Eg må fokusere på å senke skuldrene og nyte det, det er ikkje ofte eg får ein slik moglegheit.

– Medaljelag

Øystein Havang er handballekspert for NRK. Han trur det kan bli vanskeleg å få mykje speletid og at det blir ei jokerrole, i tillegg til å jobbe i forsvaret. Likevel trur han Boge Solås har noko å bidra med.

– Det er sjølvsagt veldig stort for henne. Eg trur ho er med for å få erfaring, men ho er ein spelar for framtida og har kvalitetar som gjer ho i stand til å bidra om ho får sjansen.

Årets utgåve av Noreg har fleire unge spelarar og overraskingar. Likevel trur Havang at årets utgåve av Noreg er godt nok for medalje.

– Med den tradisjonen og den kulturen som er bygd opp i det norske laget så veit dei kva som skal til for å kome til semifinale og kjempe om medalje.

Framtida

Etter pressekonferansen der den norske troppen vart presentert fortalde landslagstrenar Thorir Hergeirsson at Boge Solås er ein spelar for framtida.

– Ho er ein spelar med kvalitetar som blir stadig viktigare i internasjonal handball.

Ei av dei etablerte spelarane som ikkje er tatt ut til årets EM er Ida Alstad. Ho har lenge vore viktig i forsvaret. Hergeirsson trur Boge Solås er klar til å ta den rolla.

– Alstad er ein god spelar, men vi trur dei som kjem inn kan løyse rolla hennar godt. Anten er dei betre i dag, eller så kan dei bli det.

Hege Bakken Wahlquist frå Årdal var saman med Boge Solås med i bruttotroppen til meisterskapen, men vart ikkje tatt med i den endelege troppen.