Hopp til innhold

Fullstendig unødvendig og farleg: Fleire tatt med piggdekk midt i ekstremvarmen

Det er både svært unødvendig, farleg og ulovleg. Likevel har Statens vegvesen tatt fleire som brukar piggdekk dei siste dagane.

Piggdekk

PIGGAR: Det er sommarlege temperaturar og berre vegar, likevel blir fleire vogntog stogga med piggdekk på norske vegar.

Foto: Jørgen Solberg

– Det kan handle om å bruke vinterdekka mest mogleg før utbyte, at dei har gløymt seg eller kanskje berre er sløve, seier Torgeir Bang, leiar for utekontrollen i Sogn og Fjordane for Statens vegvesen.

Høyrer det rasle

På vel ei veke har eitt svensk og fire norske vogntog fått 1.000 kroner i gebyr under kontrollar ved Håbakken i Lærdal.

Det trass i unormalt sommarleg mai-månad, med skogbrannfare og vassrestriksjonar i fleire kommunar.

– I tillegg var ein traktor innom med piggdekk og vi høyrer det rasle i piggar på personbilar som køyrer forbi. Dei blir færre, men det er framleis ein del som ikkje har teke av piggdekka, seier Bang.

– Friperioden er over

I smørjegrava

FARLEG: Torgeir Bang seier det kan vere trafikkfarleg å køyre med vintermerka dekk. – No burde det vere unødvendig å minne folk om å skifte om til sommardekk, seier han.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Piggdekk kan berre brukast mellom 1. november og første måndag etter 2. påskedag. I Nordland, Troms og Finnmark kan dei brukast frå 15. oktober til og med 30. april.

Utanom desse tidene er det lov å bruke piggdekk om føret krev det. Den tida er for lengst forbi no.

– No er friperioden over. Vi tøyer litt i starten når forholda er ustabile, men no er det sommarføre over alt i Noreg. Då må det vere slutt på piggdekka, seier Bang.

– Skal over fjell

Bilistane prøver seg med forklaringar for å unngå trafikkgebyret.

– Dei prøver seg litt humoristisk med at dei skal over fjell, men dei fleste er samde i at piggdekka skulle vore av no, seier Bang.

– Eg har køyrt motorsykkel over Sognefjellet og Valdresflya, som er noko av det høgaste vi har. Eg såg ikkje noko snø i vegbana der, legg han til.

– Men kva er problemet med piggdekk?

– For det første slit piggane meir og gir dårlegare asfalt. Pollensesongen er i gang, og allergikarane treng ikkje svevestøvet i tillegg. Så er det veggrepet. Vinterdekk er konstruert for å brukast når det er kald.

Trafikkfarleg

Ein del bileigarar trekkjer også piggane ut av piggdekka sine for å utnytte dekka mest mogleg. Dette er ikkje ulovleg, men Statens vegvesen vil ikkje anbefale det.

– Vintermerka dekk har dårlegare eigenskapar når det er varmt. Blir det i tillegg blautt, så får du dårlegare veggrep enn med sommardekk, seier Bang.

– Er dette noko mange gjer?

– Nokre er det, og det handlar om økonomi. Vi forstår at folk ynskjer å spare pengar, men gjennom ein lang sommarferie kan det vere skummelt å køyre på dekk som ikkje er eigna for det.