Hopp til innhold

Tatt i 162 km/t: – Den oppførselen er heilt forkasteleg

UP-sjefen på Vestlandet er rysta over at ein 19 år gamal mann blei tatt for å ha køyrd i 162 km/t i ei 80-sone på E39 søndag kveld.

Terje Oksnes, UP

LIKAR IKKJE: UP-sjef Terje Oksnes meiner det er svært uansvarleg å køyre så fort som ungdomen som blei stogga på E39 søndag.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Den oppførselen er heilt forkasteleg. Dei utset seg sjølv og andre for stor fare. Dei har eit stort ulukkespotensial i oppførselen sin. Her er det berre snakk om ei egoistisk handling for å ha det gøy sjølv, seier UP-sjef i Vest politidistrikt, Terje Oksnes.

Patruljen frå utrykkingspolitiet tok førarkortet frå den unge bilføraren på staden. No risikerer 19-åringen fengselsstraff i tillegg til ei saftig bot for råkøyringa som skjedde på E39 ved Byrkjelo i Nordfjord.

UP-sjefen peikar på at høg fart er direkte årsak til nær halvparten av alle dødsulukker. Om køyringa skjer på ein brei europaveg som søndag kveld, eller på andre typar vegar, har ingenting å seie for den dystre statistikken.

Vil avverje lovbrota

– Denne sjåføren var jo veldig ung og har hatt førarkort i kort tid. Dei må ha uovertruffen tru på eigne ferdigheiter når dei køyrer slik, seier Oksnes oppgitt.

UP har auka kontrollaktiviteten på vegane på Vestlandet monaleg dei siste par åra, og dei lovar at dei vil halde oppe dette nivået også i 2017.

– For oss er det viktig å fortelje bilførarane at risikoen for å bli tatt er stor. Vi meiner det er førebyggjande. Vår plan A er å avverje lovbrota og der med avverje ulukkene, slår Terje Oksnes fast.

Glad for fleire kontrollar

Audun Heggestad i Trygg Trafikk er svært glad for at politiet har fleire kontrollar langs vegane, noko han og også samferdslepolitikarar har etterlyst fleire gonger.

Men han har svært lite til overs for at nokon vel å bryte fartsgrensa så mykje som 19-åringen gjorde i Gloppen søndag kveld.

– Den som køyrer i så stor hastigheit er til fare både for seg sjølv og andre som er på vegane. Det er veldig lite akseptabelt at dei køyrer så fort, seier Heggestad.