Tatoverte Sogn og Fjordane–kartet i protest: – Vil alltid vere ein stolt «sognefjording»

Fylkessamanslåinga nærmar seg med stormskritt, men ikkje alle er like begeistra.

Tatovering av Sogn og fjordane-kartet.

EVIG MINNE: Emilie Leirvik (20) tatoverte like så godt inn Sogn og Fjordane-kartet som eit minne om fylket ho vaks opp i.

Foto: PRIVAT

– Eg ønskte å ha eit minne om der eg kjem frå, seier Emilie Leirvik.

Nyleg reiste ho nemleg til Riga for å tatovere inn Sogn og Fjordane–kartet på låret, som ein hyllest til fylket ho vaks opp i. Men også som ein del av eit lite «opprør».

Identitet

For jenta frå Svelgen, som har reist til Riga tidlegare for å tatovere seg, kom ideen for nokre månader sidan då ho las om fylkessamanslåinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Eg las ei nyheitssak om kommande Vestland fylke. Og det var vel då eg bestemte meg for å setje eit minne på låret, seier ho.

Emilie Leirvik

IDEEN: – Tatoveringa vart til som eit resultat av at eg las om fylkessamanslåinga i nyhendene, fortel Emilie Leirvik.

Foto: PRIVAT


Leirvik, som uansett skulle til Latvia for å fortsette på ein tatovering ho hadde tatt tidlegare, bestemte seg for å ta med seg den ekstra tatoveringa på kjøpet.

– Eg tok berre med kartet, og teikna rundt Sogn og Fjordane, så tatoverte vi.

Stille protest

I etterkant av tatoveringa har Leirvik delt bilete på Instagram. Ho fortel at responsane har vore mange. At mange engasjerer seg, trur ho ikkje er tilfeldig.

– Fleire fryktar konsekvensane av samanslåinga. For oss som lev i distrikta er me jo redde for sentraliseringa som kan skje når me vert eit så stort fylke. Ikkje minst tenkjer me på kva som vil skje med dei små bygdene i Sogn og Fjordane, seier ho.

Sjølv om tatoveringa først og fremst er ein hyllest til gamlefylket, erkjenner ho også at det er eit lite «opprør» mot samanslåinga.

– Ja det er vel det. Eg kjem til å kalle meg stolt «sognefjording» også i tida som kjem, seier ho.

Ein del av ei trend

Den stille protesten til Leirvik er ikkje den einaste av sitt slag.
Tidlegare i haust vart det skrive om Matilde som har skapt ein liten industri av å selje T-skjorter med Sogn og Fjordane-kartet på. Også i nord har det vore rapportert om liknande verksemder, då motstanden mot fylkessamanslåinga mellom Finnmark og Troms har vore stor.

Forfattar og humorist Finn Tokvam jobbar i desse dagar mykje med tematikken rundt fylkessamanslåinga i det kommande teaterstykket «Vestland, Vestland». Han meiner at tatoveringa til Leirvik er eit fint symbol på den stille protesten ein ser ute i distrikta.

– Først må eg jo seie at eg håpar ikkje ho får åreknutar når ho vert eldre slik at fjordane endrar seg. Dette er nok eit av dei meir kreative påfunna eg har sett i denne samanhengen.

– Men dette er nok ein del av ei rørsle me ser, som protesterer mot det mange kjenner er tvang. Samstundes så er det for mange ein god bit nostalgi inne i biletet også, trur eg.

Finn Tokvam med biografi om Lothepus

APPLAUDERER ENGASJEMENTET: Komikar Finn Tokvam er begeistra for engasjementet til Leirvik. – Det er vondt å tatovere seg, og Sognefjorden er jo veldig lang, seier han.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

Når det no berre står att eit par dagar før fylkessamanslåinga er eit faktum, er Tokvam klar på at han trur det kjem til å ta tid før folk aksepterer endringane det medfører.

– For folk flest stikk det nok ikkje så djupt trur eg. Men dette visar jo at det verkeleg betyr noko også. Dessutan er det veldig vondt å tatovere seg og Sognefjorden er lang, så eg applauderer det, seier han.