Hopp til innhold

Tastefeil set omsorgsbustadar på vent - han vil skrote heile prosjektet

Flora kommune håpte å snart starte bygging av nye omsorgsbustadar. Etter ein tastefeil må heile prosessen utsettast i eitt år. Jacob Nødseth vil skrote planane for godt.

Jacob Nødseth

HASTAR: Kommunen har allereie sett i gong arbeidet med ny anbodsprosess. Skal Jacob Nødseth få det som han vil må ting skje raskt i Flora.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Denne tastefeilen kan vere hell i uhell. Furuhaugane omsorgssenter har store investeringsbehov i tida framover. Vi bør legge ned funksjonane der og flytte det i tillegg til planlagde docen 2 og andre tenester over til gamle sjukehuset, meiner Nødseth.

Fredag varsla Flora kommune om at planane om bygging av 32 omsorgsbustadar i Docen 2-prosjektet måtte utsettast eit år, på grunn av ein tastefeil. Prosjektet vart lyst ut på anbod som ein plan- og designkonkurranse, og ikkje som ei bygg- og anleggskontrakt. Dermed må anbodsprosessen startast på nytt og prosjektet blir utsett i eit år.

– Eg syns vi no bør tenkje nytt. Vi bør stogge planane for docen 2, og heller flytte desse bustadane og andre tenester over til sjukehuseigedomen, seier leiar for Samlingslista i Flora, Jacob Nødseth.

Fryktar lenger utsetjing

Han argumenterer med at det som er dyrt i omsorgssektoren er å spreie bemanninga på fleire stader, og meiner at ved å samle mest mogleg tenester på ein stad vil det vere ein vinn-vinn-situasjon for alle.

– Kommunen vil spare pengar og innbyggjarane vil få betre tenester.

Ikkje alle er samde i at det er ein god ide å skrote planen som kommunen har gått inn for. I Kristeleg folkeparti er Gustav Johan Nydal tydeleg på at kommunen må gjere det ein kan for å kome i mål med nye omsorgsbustadar så raskt som mogleg.

– Å skrote planane vil berre forseinke heile prosessen. Vi må køyre vidare, få på plass ein ny tidsplan og halde det. Om vi ser på noko nytt vil det berre rote ting til, trur han.

Leiar i levekårsutvalet Karianne Torvanger (Ap), meiner situasjonen ein er i ikkje er grunn god nok til å skrote dagens planar.

Karianne Torvanger i fylkestinget

SKEPTISK: Leiar i levekårsutvalet i kommunen, Karianne Torvanger, fryktar arbeidet med å få på plass fleire omsorgsbustadar skal dra meir ut i tid om Jacob Nødseth får viljen sin.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er ikkje opplagt at vi skal skrote prosjektet og sjå på sjukehustomta. Vi må i alle fall avklare om det vil skape forseinkingar. I planen om framtidas omsorgstenester i Flora kommune er vi samde om korleis vi skal ha de, og eg trur det kan vere lurt å halde seg til den opphavlege planane, seier ho.

Nødseth trur Arbeidarpartiet, som også sit med ordførarmakta i kommunen, er dei som vil avgjere kva som skjer. Sjølv om Torvanger umiddelbart er avvisande, har Nødseth framleis trua.

– Eg håpar dei vil konkludere med å satse meir på sjukehuset. Og eg trur omsorgsbustadane kan bli raskare realisert om ein går for sjukehuset.