Var «ganske dårleg» i ungdommen

Tårene trilla då det første individuelle VM-gullet var i boks på tysdag: I ein alder av 22 år er Tarjei Bø tidleg ute med det meste, men det har ikkje alltid vore slik...

Tarjei Bø

TÅREVÅTT: Gleda var stor då Tarjei Bø får vita at han har vunne sitt første individuelle VM-gull.

Foto: NRK

I sigersintervjuet røpa han at han ikkje alltid har vore god, og han kom med ei oppfordring til dei unge tilskodarane der heime.

– Eg var ganske dårleg då eg var 13-14 år. Dersom du er dårleg er det berre å fortsetta å trena, så blir kanskje du òg god ein dag, oppmuntrar Bø.

Inga barnestjerne

Faren Klemet Bø kan bekrefta at Tarjei ikkje var ei utprega barnestjerne - berre heilt gjennomsnittleg. Og Tarjei Bø er ikkje den einaste. Mange av dagens idrettsstjerner markerte seg ikkje i ung alder:

Langrennsyndlingen Therese Johaug kava lenge langt bak dei andre, og Bjørn Dæhlie vart først verkeleg god i vaksen alder.

Ros for innsats

Doktor i idrettpsykologi ved Norges idrettshøgskole, Pierre-Nicolas Lemyre, har fleire forklaringar på kvifor det er slik.

– Barnestjernene får ofte skryt for prestasjonane sine, medan dei nest beste får ros for innsats og hardt arbeid. Dei nest beste har større moglegheit til å oppleva framgang, og effekten av det harde arbeidet, seier Lemyre.

Modning er ein annan faktor. Folk modnast i ulikt tempo, både fysisk og psykisk.To tretten år gamle gutar som kjempar mot kvarandre kan ha heilt ulik fysikk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tarjei Bø

SKYTETRØBBEL: Skadeplager gjorde at Bø fekk god tid til å terpa på skytinga.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Overbeviste i bakkane

Tarjei Bø byrja for alvor å bli god då han starta på Norge Toppidrettsgymnas på Lillehammer. Ei opptakssamlng med 35 andre skulle avgjera kven som skulle få dei sju ledige plassane.

Rett før hadde han stilt opp i Hovedlandsrennet for å visa at han fortente ein plass. Det gjekk ikkje heilt etter planen. Ein 49. plass på normaldistansen overbeviste ingen.

Heller ikkje på opptaksprøvane markerte Bø seg. Ikkje før søkjarane skulle gå stafett. Bø viste kunstneriske ferdigheiter på ski, både oppover og nedover, og moste alle dei andre.

Han vil vi ha med

Tidlegare trenar ved NTG, Knut Tore Berland var ikkje i tvil: Denne guten skulle få byrja på skulen uansett korleis det gjekk i dei andre testane. Berland meiner det er fleire grunnar til at Bø er blitt så god.

– Han var ein skikkeleg friskus, og sinnsjukt ærgjerrig. Han hata å tapa, men hadde klassekameratar som matcha han på kvar trening, seier Berland.

Ny medalje i dag?

I dag kjempar Tarjei Bø om nok ein medalje på ankeretappen i VM. Til no har han full pott, med fire medaljar av fire moglege. Far Klemet er ikkje i tvil om kvifor Tarjei har klart det.

– Han er perfeksjonist i alt han gjer, ingenting er tilfeldig. Han har ein ukueleg vilje og treningsiver. Når du trenar halv åtte om morgonen første juledag i pøsande regnvêr er du ganske viljesterk, avsluttar faren Klemet.

Tarjei Bø

MEDALJEFANGST: I dag kan Tarjei Bø få endå meir gull rundt halsen.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix