Normal

Tarjei Bø er i trening igjen

Tarjei Bø har ikkje gått eitt einaste verdscuprenn denne sesongen. Han er i trening, men må vise form i konkurranse før han kan få klarsignal til VM.

Tarjei Bø

MÅ SYNE FOR FØR VM: Tarjei Bø tilbake i trening etter langvarig sjukdom.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Tarjei Bø er i trening igjen. Han har fått trent godt og er i framgang. Ting har begynt å fungere for ham, seier landslagstrenar Egil Kristiansen til NTB.

Men med tanke på VM-start må Bø ha minst ein konkurranse i kroppen. Det er moglegheiter både i noregscupen i Holmenkollen til helga og eit IBU-cuprenn i Brezno i Slovakia 3. februar.

Under førre VM i Holmenkollen tok Tarjei Bø både sølv og gull. VM denne sesongen går frå 8.–19. februar i Hochfilzen i Austerrike.

Problem med luftvegane

Bø har tidlegare synt at han kan vere ein mann å rekne med, sjølv om han har slite med sjukdom. Under VM i 2012 vart han utslått av det som synte seg å vere TWAR-viruset.Den gongen avslutta han meisterskapen med å ta gull på fellestarten på siste konkurransedag.

I starten av januar skulle Bø eigentleg gjere comeback etter å ha vore ute i første del av sesongen med luftvegsproblem.

Det enda med tilbakefall og Bø måtte stå over verdscup i tyske Oberhof.

Send heim frå Oberhof

Også veslebror Johannes Thingnes Bø har slite med sjukdom denne sesongen. Thingnes Bø opplevde å verte sendt heim frå Oberhof med feber.

Då ein friskmeld Thingnes Bø ikkje fekk gå stafett i Rupholding, uttalte han til NRK at det var som å vere ein villhund i band

– Det er eit knallhardt regime, Thingnes Bø til NRK den gong.

Men medan Johannes raskt var tilbake i sporet etter sjukdomsavbrekket, har det tatt lenger tid for Tarjei. Noko som fekk Johannes til å uttrykkje uro for storebroren.

– Han har det ikkje så bra, sa ein alvorleg Thingnes Bø til NRK tidlegare denne månaden.

Vegopning på Bergum i Førde kommune