NRK Meny
Normal

– Det var tårevått då vi såg at vi måtte gå til skifteretten

STRYN (NRK): Moods of Norway takka i går for dansen og slo seg sjølv konkurs. Dagen deretter er tung for dei involverte.

Jan Egil Flo i Moods of Norway foran stengt butikk

TUNG VEG: Dagleg leiar i Moods of Norway, Jan Egil Flo, framfor den eine av tre butikkar i Stryn sentrum torsdag morgon.

Foto: Silje Guddal / NRK

Eit knapt døgn har gått sidan nyheita sprakk om konkursen. Det har vore eit tungt døgn og ei hard veke for heile gjengen bak det norske gründereventyret.

– Det var tårevått då vi såg at vi måtte gå til skifteretten. Det var ikkje før på måndag det var heilt klart at vi ikkje kom til å greie det, seier Jan Egil Flo, som er dagleg leiar i Moods of Norway.

Alle butikkane i Noreg er stengde. 200 tilsette fordelt på 100 årsverk står utan jobb. I butikkane heng ein ny haustkolleksjonen framme.

– Vi trudde vi skulle ro dette i hamn. No er butikkane stengd ut denne veka her og på måndag. Kva som skjer vidare er opp til bustyrar, seier han.

Klesprodusentane bygde ein merkevare basert på traktor, vaflar og bestemødrer på merkelappane. I fleire år var dressane frå Moods med blomstertrykk noko av det mest populære ein kunne kle seg i.

Det er no opp til bustyrar, Asbjørn Løvik, kva som skjer vidare med Moods. På torsdag skal han møte sentrale personar i selskapet og Sparebanken Sogn og Fjordane i Stryn.

Skilt foran stengt Moods-butikk i Stryn

DETTE MØTER KUNDANE: Alle dei 18 Moods-butikkane er stengde i dag etter at selskapet gjekk til skifteretten i går.

Foto: Silje Guddal / NRK

Den amerikanske draumen kosta

Konkursen omfattar Moods of Norway AS og Moods Wholesale AS. Desse selskapa har ei samla gjeld på over 112 millionar kroner. Innteninga har vore dårleg i mange månader, men det er likevel selskapet si internasjonale satsing som står att som den store stygge ulven.

Berre på Manhattan i New York var husleiga til butikken 16 millionar kroner i året.

– Utlandssatsinga er ein viktig årsak til underskotet vårt, samtidig har valutaen slått oss midt i fleisen. Hadde dollaren mot krona vore lågare, så hadde vi hatt hundre millionar meir på konto, meiner Flo.

Etter 14 år er eventyret over etter at Stimen Staalnacke grunnla Moods of Norway i 2003 saman med Stefan Dahlquist og Peder Kristian Børresen.

– Moods har alltid gitt bonn gass. Vi kan aldri angre. Vi har gjort både gode og dårlege val, men likevel har vi vore ein av dei mest kjende merkevarene i Noreg.

Det har vore store festar, rosa limousinar, oppslag i internasjonale motemagasin og eit folkeslag som har trykka motemerket hardt til brystet. Flo er ikkje i tvil om kva som står att som det beste minnet etter alle desse åra.

– Det beste er kvelden då vi feira selskapet sine 10 år med både kongelege og statsminister. No håper vi at merkevara skal få leve vidare.

Moods of Norway

TORSDAG VAR DET STENGT: Alle butikkane til Moods of Norway var torsdag morgon stengd etter konkursen.

Foto: SILJE GUDDAL / NRK

Banken sette foten ned

Det var banken til klesprodusentane gjennom 14 år, Sparebanken Sogn og Fjordane, som sa nei til å bidra med meir pengar.

– Til sjuande og sist er det selskapet som ikkje lukkast med omstilling. Vi skulle gjerne sett eit anna utfall, men sånn er dei økonomiske realitetane. Selskap og leiarar må klare å skape lønnsemd. Slit ein med det over tid, så kjem det til eit punkt der det ikkje går lenger, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Teigene kallar Moods of Norway for eit lokalt eventyr som gjekk tapt i ein tøff bransje. Torsdag skal banken møte bustyrar for ein prat om kva som skjer vidare. Skulle det komme til ein ny kjøpar, så vil banken ta det deretter, seier Teigene.

– Vi må vareta våre interesser som hovudbankforbindelse til Moods, så får vi heller sjå kva som kjem fram i prosessen.

Drifta i selskapa Brandstad, Moods Sverige og Moods USA held fram som normalt.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast