Fylkesmannen gjekk inn for å gje selskapet FMC Biopolymer dispensasjon frå forbodet, men saka vart klaga inn til direktoratet av Norges Miljøvernforbund.
I vedtaket til direktoratet for naturforvaltning blir det peika på at dei fleire gongar tidlegare har stoppa dispensasjonar som Fylkesmannen har gitt.
Protestar
Taretrålinga langs kysten har ført til voldsomme protestar både frå fiskarar og mange av dei som bur der.
Dei ni sjøfuglreservata ligg i Selje, Bremanger, Flora og Askvoll. Selskapet FMC Biopolymer vil tråle etter tare der, og Fylkesmannen var villig til å gje dispensasjon frå verneforskriftene. – Sjå òg reaksjonane frå Jostein Vea i FMC Biopolymer: Tarenæringa truga av forbodet.