Hopp til innhold

Tårene kom då lagnaden til skulane vart besegla

BALESTRAND (NRK): – Dette er heilt forferdeleg. Eg er skikkeleg skuffa, sa Renate England etter at Balestrand kommunestyre hadde lagt ned skulen sonen går på.

Renate Engeland t.v. og Gunn Linde t.h.

VURDERER FLYTTING: Renate England (t.v.) og familien meiner grunnlaget for å bu på Nessane er borte. Til h. Gunn Linde.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Ho var ei av mange som hadde møtt fram for å følgje kommunestyremøtet der det skulle avgjerast om Nesse oppvekstsenter på Nessane og Fjordtun oppvekstsenter i Sværefjorden skulle få leve vidare eller leggast ned frå hausten av.

De enda med at berre seks av dei 17 representantane røysta for å oppretthalde dei to grendeskulane med til saman 13 elevar.

Tok til tårene

Heilt til det siste håpa bygdefolket i dei to krinsane på at tilstrekkeleg mange av kommunestyrerepresentantane skulle snu. I desember gjekk 12 av 17 inn for at kommunen skulle legge ned skulane som eitt av fleire innsparingstiltak.

Men berre ein representant snudde då den endelege avgjerda skulle takast torsdag kveld. Og då kom reaksjonane. Fleire tok til tårene, og folk heldt om kvarandre.

Balestrand kommunestyre

BERRE EIN ENDRA SYN: Av dei 17 i Balestrand kommunestyre røysta berre seks for å spare skulane.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Vurderer flytting

Renate England har ein son som går på Nesse oppvekstsenter, og ho har to born i barnehagen. Ho seier at dei flytta til Nessane på grunn av at det var skule og barnehage der.

– Det betyr alt, det er grunnlaget i bygda. Vi hadde ikkje flytta hit om det ikkje hadde vore skule og barnehage. No er grunnlaget for å vere her teke vekk. No vurderer vi flytting. Vi veit ikkje kvar enno, men det må vere ein stad med skule og barnehage. No kjenner vi oss rett og slett overkøyrde.

Gunn Linde er både lærar på Nesse oppvekstsenter og forelder til ein unge der. Ho sa etter avgjerda at ho er utruleg skuffa. Ho hadde håpa at iallfall framlegget til SV om å la dei yngste få halde fram på grendeskulane hadde fått gjennomslag.

– Eg synest det er skuffande at ikkje fleire politikarar såg verdien av det å ta vare på dei aller minste. Det er små ungar som skal sitte inntil ein time på bussen kvar veg, kvar einaste skuledag. Eg er svært skuffa.

– Dårleg og kvalm

Renate England ser med stor ulyst på at sonen no skal bli busspendlar.

– Eg blir rett og slett dårleg og kvalm når eg tenker på at guten vår på seks år skal sitte så lenge på buss.

Britt Tone Kvalheim er bestemor til ein som no er førsteklassing på Fjordtun oppvekstsenter og engasjert i det som skjer i bygda.

– Skulen er limet i bygda, utan skule har vi ikkje noka framtid i distriktet. Vi får ikkje unge til å busette seg. Vi har eit generasjonsskifte på gardane no, eg trur mange vurderer å flytte, og ungdom som hadde tenkt å kome til bygda, dei kjem ikkje.

– Det er nedbygging av bygdene, men det er også nedbygging av Balestrand kommune. Det er berre tap.

Balestrand kommunestyre

SVÆRT USAMDE: Ved bordet rådmann Kjellaug Brekkhus, ordførar Harald Offerdal (Ap) og gruppeleiar Arnstein Menes (Sp).

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Nederlag for heile kommunen

Ho får støtte frå gruppeleiaren til Senterpartiet, Arnstein Menes, i dette synet.

– Det er ein tøff dag for heile Balestrand kommune. Det er eit nederlag for heile kommunen at eit fleirtal har vedteke å legge ned desse to skulane.

Men ordførar Harald Offerdal (Ap) står fast på at vedtaket var nødvendig.

– Det er ikkje noko god løysing at små elevar må reise med buss, men eg satsar på at administrasjonen greier å finne tilfredsstillande løysingar på det.