NRK Meny
Normal

Satsar på tare som biprodukt frå oppdrett

Dyrking av tare kan bli ei ny vekstnæring langs kysten. I Solund er ein nederlendar i full gong med dyrking av sjøplanta i samarbeid med eit oppdrettsanlegg. Det har mange fordelar.

Dyrking av tare kan bli ei ny vekstnæring langs kysten. I Solund er ein nederlendar i full gong med dyrking av sjøplanta i samarbeid med eit oppdrettsanlegg. Det har mange fordelar.

SJÅ TV-SAKA: Job Schipper og Hortimare dyrkar tare i samarbeid med Sulefisk AS i Solund.

På eit anlegg utanfor Fureholmen i Solund dyrkar Job Schipper sukkertare.

Det er ein ressurs han trur vil bli nyttig i framtida. På kvar side av oppdrettsanlegget til Sulefisk AS har det nederlandske firmaet Hortimare AS plassert nokre hundre meter med tau som dei plantar sukkertare på.

Job Schipper

TAR TARE PÅ ALVOR: Dagleg leier i Hortimare, Job Schipper.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Sjøprotein har blitt meir sjeldan i verda. Så vi utvinn sjøproteinar frå fisk, reker og liknande. Og no har vi ei plante som lagar sjøprotein direkte frå sollyset, fortel Schipper som er dagleg leiar i Hortimare.

Drar nytte av kvarandre

Taren treng næringsstoff for å vekse, og ved å plassere seg like ved oppdrettsanlegget er tilgangen difor stor.

– Saman utviklar vi system for korleis vi kan dyrke tare i nærleiken av oppdrettsanlegg. Fisken produserer verdifulle næringsstoff som vi treng for å dyrke tare. Frå taren kan vi igjen ta ut protein, fortel Schipper.

I fire år har dei samarbeidd med dette prosjektet. Det har vore ein stor suksess så langt. No produserer tareanlegget mellom åtte og ti kilo med tare per meter med tau, som dei har eit par hundre meter av til saman.

– Taren vert ikkje nytta som mat, men vi tek ut proteinet og mannitolet som er i taren og leverer det til verksemder som brukar det til ulike produkt. Blant anna vert sjøproteinet nytta i fiskefôret igjen, fortel taredyrkaren.

Ser store moglegheiter

Når det vert produsert protein direkte frå sollys, treng ein ikkje fiskeprotein lenger i fiskefôret. Difor kan proteinet frå taren nyttast i fiskefôret igjen. Taren vert planta i oktober og hausta etter seks månader.

– Vi meiner dette gir store moglegheiter for norske oppdrettarar til å produsere laks på ein framtidsretta måte, i nært samarbeid med taredyrkarar som oss, seier Schipper.

I liten skala har ein utvikla tilsvarande produksjon fleire plassar i verda, men for Norge er det veldig nytt.

– Det vi no vil er å lage det mykje større. Vi har kalkulert at eit anlegg lett kan produsere 12–30 hektar med tare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sukkertare

SUKKERTARE: Slik ser taren ut når den vert hausta.

Foto: Hortimare

Reduserer lakselus

Også lakseoppdrettaren ser mange fordelar med å samarbeidet med tareanlegget.

– Vi ser at dei ulike organismane som vi produserer har ein fordel av kvarandre når dei er på same staden, seier Michael Niesar, dagleg leiar ved Sulefisk AS.

Han håpar dei vil sjå effekten av at taren reinsar vatnet etter avfallsutsleppa frå fisken.

– I tillegg kan vi dra fordel av at taren også kan bidra til å filtrere lakselus inn på anlegget, fortel han.

Rognkjeks

ET LAKSELUS: Denne krabaten ved namn rognkjeks trivst godt blant sukkertaren. Samstundes et den lakselus.

Foto: Hortimare / Foto

Sukkertaren trekker til seg fleire organismar, blant anna den vesle fisken rognkjeks som et lakselus.

– Vi ser denne fisken lever av lakselus, og vi trur veggen med tare kan vere med på å redusere lakselus på oppdrettsanlegget når det trekker til seg organismar. Dette er verkeleg det vi kan kalle integrert akvakultur, seier Schipper.

No prøver dei å lære meir om produksjonen av tare og korleis den kan vere nyttig på fleire områder i samarbeidet med oppdrettsanlegget.

Tare under vatn
Foto: Hortimare
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.