Fylkesmannen gjekk inn for å gje dispensasjon for taretråling i ni sjøfuglreservat her i fylket også denne sesongen, men direktoratet sa nei.
Det er stortingsrepresentant Øyvind Vaksdal frå FrP i Rogaland som har reagert på at direktoratet har overprøvd avgjerda hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og nekta meir taretråling utanom hekketida i dei ni sjøfuglreservata i fylket. Han krev at statsråden skjer igjennom byråkratiet og sørgjer for at tarenæringa får stabil tilgang på råstoff.
Ny vurdering
Og Brende tek hansken. Han viser til at ein plan for forvaltinga av tare no skal vere klar innan 1. september i år - noko forseinka. Han har også merka seg at Fylkesmannen meiner taretråling også denne sesongen kan skje utan å komme i konflikt med viktige verneverdiar. Ut frå dette ber han direktoratet vurdere saka på nytt. Øyvind Vaksdal trur dette betyr ja til tråling.