Hopp til innhold

Slik fekk statsråden ein real smak av Solund

Statsråd ved Statsministerens kontor, Vidar Helgesen (H) var onsdag på rundtur i Solund, og der fekk han mellom anna sjå på tareproduksjon, og til og med ta ein smak.

Vidar Helgesen

NAM, NAM: Statsråd Vidar Helgesen tok utfordringa og smakte på taren.

Foto: privat

– Det var ei svært interessant oppleving å sjå korleis ein har eit nyskapande prosjekt, framleis på forsøksstadiet, for å produsere tare som skal nyttast til fôr til fisk i oppdrettsanlegg, seier Helgesen.

Han ser også eit potensial i tare som menneskemat, etter å ha smakt sjølv.

– Eg tykte det var velsmakande, ler Helgesen.

Statsråden, som har ansvar for samordning av arbeidet med EØS-saker og forholdet til EU i Utanriksdepartementet, tykte det var svært interessant å vitje Solund.

– Solund er ein av mange kommunar i Norge som er «europeisert», seier Helgesen.

Ti prosent av innbyggjarane er frå andre land

Han vitja i dag både skipsverft, oppdrettsanlegg, tareproduksjon, skule, gjenbruksbutikk og kafé.

– Heile tida har eg møtt eit Solund som er prega av mykje arbeidskraft frå Europa, og beskjeden heile tida er at dei ikkje kunne klart seg utan den arbeidskrafta, seier Helgesen.

Han peikar på at vel ti prosent av innbyggjarane i Solund kjem frå andre europeiske land.

– Det syner at sjølv om Solund er Norges vestlegaste kommune, ein naturskjønn og vakker befolkningstynn kommune, så er det ein attraktiv stad for europeiske arbeidstakarar, seier Helgesen.

Han peikar på at for hans del er det viktig å ikkje berre vite dette i teorien, men at han også er ute i kommunane og ser at det fungerer i praksis.

– Dette er viktig for norsk næringsliv i distrikta, seier Helgesen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Krakhellen og Helgesen

SYNTE FRAM: Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen synte fram eit Solund i finvêr. Her saman med statsråd Vidar Helgesen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Er eit viktig norsk bidrag

– Ein av lærdommane eg tek med meg, er at det er ein avstand mellom den politiske debatten i Oslo, som har mykje fokus på alt som er vanskeleg, og den orienteringa mot moglegheiter som er i Solund kommune, seier Helgesen.

Han peikar på at ein ofte tenkjer på at arbeidsinnvandring fører til mange utfordringar, både kulturelt og språkleg.

– Og dei utfordringane finst. Men beskjeden eg fekk frå til dømes Solund Verft, var at her ligg det utruleg mange moglegheiter, og at dette er viktig for Solund. Det tek eg med meg vidare, seier Helgesen.

Han peikar på at Europa framleis er prega av økonomisk krise.

– Og eit viktig norsk bidrag er at europearar som treng jobb og ønskjer ei betre framtid for seg og familien, kan komme til Norge og finne moglegheiter her, seier Helgesen.

– Kan den europeiske krisa også vere løysinga på problematikken med folketal og fråflytting i Sogn og Fjordane?

– Det er beskjeden som eg har fått. Europeisk arbeidskraft er avgjerande i alle samfunnssektorar, og det er gjensidig nytteverdi, seier Helgesen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helgesen i Solund

IVRIGE: Elevane ved Harbakke skule fekk stille statsråden spørsmål.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Må diskutere kva Norge skal leve av

Han meiner det ligg moglegheiter her som det politiske Norge er for lite medvite på.

– Det er ein av grunnane til at eg ønskjer å vere ute og sjå korleis det fungerer i praksis, seier Helgesen.

Han trur ein må ha ein debatt om kva som er dei konkrete utfordringane som kommunane og bedrifter i utkantane slit med.

– Kva er moglegheitene deira? Vi må tenkje og diskutere meir i Norge kva vi skal leve av etter olje- og gassalderen. Mykje av svaret ligg i havet utanfor kommunar som Solund og utanfor framtidsfylke som Sogn og Fjordane, seier Helgesen.

Han peikar på at då må ein ikkje gå seg vill i detaljar rundt einskildsaker i EU-direktiv.

– Vi må også sjå på dei europeiske moglegheitene som ligg der for norsk næringsliv og norske kommunar, seier Helgesen.