NRK Meny
Normal

Tar i bruk byrå i jakta på ny direktør

Styret for musea i fylket har bestemt seg for å leige inn eit byrå for å finne ny direktør for kunstmuseet i fylket.

Sogn og Fjordane kunstmuseum

KVEN SKAL LEIE KUNSTMUSEET?: No startar styret jakta på ny direktør.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er under arbeid, og vi kontaktar no eit byrå for å få best mogleg breidde og vurdering av søkarmassen, seier styreleiar Harry Mowatt.

Noverande direktør, Morten Johan Svendsen, varsla i november i fjor at han ville gå av ved årsskifte. Men to månader inn i det nye året er ikkje arbeidet med å finne ein ny direktør kome i gang.

Liten administrasjon

Harry Mowatt på opninga av det nye bygget til Sogn og Fjordane kunstmuseum

STARTAR LEITINGA PÅ NY DIREKTØR: Harry Mowatt er styreleiar for musea i Sogn og Fjordane.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi er ein liten administrasjon, og vi har hatt fullt opp med andre gjeremål og har rett og slett ikkje hatt tid til å jobbe med det. Men no blir det jobba med det framover.

Inn til vidare fungerer Morten Johan Svendsen i sin gamle jobb.

Uvisst når direktør kan vere på plass

Mowatt torer i dag ikkje seie noko sikkert om når ein ny direktør for den viktige stillinga innan kulturformidling i fylket kan vere på plass.

– Det er vanskeleg å svare på. No skal vi ha ein prosess med utlysing, intervju av kandidatar og tilsetjing i styret. Og så kjem det jo og litt an på kor lang oppseiingstid den nye direktøren vil ha frå sin førre jobb, så dette er det ikkje råd å seie noko eksakt om.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser