Hopp til innhold

Tar grep for å verne seg mot tjuvar

Universitetet i Bergen investerer no fleire millionar kroner for å sikre verdifulle gjenstandar, skriv BT. Det er no snart to månader sidan tjuvar klatra opp eit stillas, braut seg inn og stal 396 uvurderlege kulturminne frå Universitetsmuseet. Fleire av desse var opphavleg funne i Sogn. Eit av dei mest konkrete sikringsgrepa er at UiB skal tilsetje ein eigen sikkerheitssjef, skriv avisa.