Hopp til innhold

Tar fram bøssene for å markere 150-årsjubileet

Røde Kors er 150 år, og arbeidet deira er like viktig i dag. I Sogn og Fjordane markerer dei jubileet med å hjelpe folk i naud. Innsamlinga til jordskjelvråka Nepal er i full gong i heile fylket.

Synnøve Sande, Røde Kors

KLAR MED BØSSA: For distriksleiaren i Sogn og Fjordane Røde Kors, Synnøve Sande, så er det viktig å vere med å hjelpe.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det verkar som alle i heile Sogn og Fjordane og i heile landet er engasjerte i dette. Vi har fått ein appell om å bruke bøssene våre, vårt viktigaste reiskap til å få inn pengar. Det er eit symbol på at no er det verkeleg katastrofe, seier distriktsleiar Synnøve Sande i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Jordskjelvet som råka Nepal trefte dei rett i hjartet, og lokalforeiningar i heile Sogn og Fjordane har mobilisert for å samle inn pengar til offera.

– Nokon har allereie samla inn pengar. I Askvoll har ein blant anna fått inn 25 kroner per innbyggjar, noko som er veldig bra, og mange brukar nok helga og neste veke til å få inn pengar, seier Sande.

– Dette er drivkrafta vår

Halvparten av husene i Choutara er rast sammen i jordskjelvet

TRENG HJELP: I Choutara i Nepal har halvparten av husa rasa saman i jordskjelvet.

Foto: Arild Blomkvist / Røde Kors

For i helga markerer dei at det er 150 år sidan Røde Kors kom til Noreg. Fredag er den internasjonale Røde Kors-dagen. For å markere det heile samlar dei inn pengar til Nepal.

– Det er etablert eit kirurgisk team i Nepal, og det er mange ting dei treng hjelp til. I dag er det vel 7000 omkomne, og 2,8 millionar som har flykta frå heimane sine fordi det har eller kan rase saman. Dei får den akutte hjelpa dei treng no, men også framover vil dei trenge mykje hjelp, fortel ho.

Sande synest dette er ei forferdeleg katastrofe, men at det å kunne vere med å hjelpe er noko av det som er drivkrafta i Røde Kors.

– Vi hjelper mange her heime gjennom ulike engasjement, men det å få lov til å finne fram bøssene er ein stor ting der alle får vere med å bidra til dei som har det vanskeleg utanfor landegrensene.

Ein ekte Røde-korsar

Sande kallar seg sjølv ein ekte Røde-korsar, og har vore medlem sidan 1989.

– Det begynte med at eg kom ut for ei bilulykke og sa til mannen min at no må vi gjere noko. Så tok vi eit førstehjelpskurs, og sidan har det balla på seg. Eg har Røde Kors i midt hjarte. Eg kunne ikkje tenkje meg å vere utan, fortel ho.

Ho håpar at fleire kan sjå at det er kjekt å vere med i organisasjonen.

– Vi trenger fleire over heile fylket, så det er berre å melde seg inn, oppmodar distriktsleiaren.

Røde Kors er ikkje åleine om å ville hjelpe. Saman med dei fem andre hjelpeorganisasjonane CARE, Flyktninghjelpen, Kirkens Nødhjelp, Redd Barna og Caritas mobiliserer dei til ein nasjonal innsamlingsdugnad for Nepal.

NRK1 sender søndag 10. mai «Dugnad for Nepal» – ein støttekonsert frå Nationaltheatret med eit knippe av dei største artistane i Norge. Sendinga startar klokka 20.05.