Hopp til innhold

Tar dårleg skulenett til Nordfjordrådet

Seljeordførar Stein Robert Osdal tar no opp problema med tregt og ustabilt nett ved nokre av skulane i Nordfjord med Nordfjordrådet.

Selje skule og ordførar Stein Robert Osdal (KrF)

TREGT NETT: Fleire skular i Nordfjord slit med dårleg internett-tilgang.

Foto: Ottar Starheim/Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Då eg tok tak i denne saka så var det for å få på bordet kva som er mangelfullt og korleis vi skal kome oss ut av det, seier Osdal.

Tilgangen til nett ved nokre skular i Nordfjord er så treg, ustabil og til tider fråverande at det går ut over skulekvardagen for både elevar og tilsette.

Ansvaret for nett-tilgangen ligg både hos kommunane og selskapet Nordfjordnett.

Stor frustrasjon

– Vi hadde utfordringar også før Nordfjordnett vart etablert, men frustrasjonen har på ein måte stige fordi vi hadde ei forventning om at no skulle ting betre seg. Men så opplever ein i staden at det på enkelte området er blitt verre, seier driftsrådgjevar Kristin Årsnes i Selje kommune.

Tolmodet tynast kvar dag på skular i Nordfjord. I lengre tid har tilgangen til nett vore svært dårleg, ustabil og noko som påverkar skulekvardagen negativt.

– Det tar svært lang tid å logge seg på. Når vi loggar oss på våre administrasjonssystem, må vi rekne med at det tar 20 minutt, seier Årsnes.

Problem i fleire kommunar

Det er ikkje berre i Selje-skulane skjermane går i svart. NRK fortalde i haust om skular i Stryn som var fleire veker utan internett. Ved Vikane skule og barnehage i Innvik har dei ikkje kunne følgt læreplanen, seier rektor Turi Øye Rustøy. Elevane har knapt vore på nett siste månadane.

– At IKT skal integrerast i alle fag, det har vi diverre ikkje fått gjort på grunn av at det trådlause nettet ikkje har fungert. Til tider har også lærarane vore utan nettverk.

Kva synest du og elevane om den situasjonen?

– Det tykkjer vi er krevjande og vanskeleg, og vi opplever det som at vi er tilbake i steinalderen, seier Øye Rustøy.

I Nordfjordrådet

Det er verksemda Nordfjordnett, etablert i 2013, som driftar IT-systema til dei 7 Nordfjord-kommunane, inkludert skulane. I dag skal dei skrale internett-forholda diskuterast som eiga sak i Nordfjordrådet. Styreleiar i Nordfjordnett Geir Liavåg Strand er kalla inn for å gje svar.

– Nordfjordnett har ansvaret for kommunikasjonen mellom kommunehusa og ut til verda, men vi har ikkje ansvar for det som går ifrå kommunehusa og ut til den einskilde skule, seier Liavåg Strand.

Han peikar på dårleg kommuneøkonomi som ei mogleg årsak til at ikkje alle kommunar har investert i IKT. Men at Nordfjordnett er seine til å svare, rette feil og informere tek styreleiaren sjølvkritikk på.

– Vi har hatt ei målsetjing om å vitje alle kommunane med jamne mellomrom, men det har vi diverre ikkje fått gjennomført, seier Liavåg Strand.

Det er Selje-ordførar Stein Robert Osdal som har teke saka til Nordfjordrådet. Kor mykje kommune sjølv har satsa på IT er Osdal usikker på.

– Men vi har brukt pengar på IKT i skulane, men om det er nok kan eg ikkje svare på seier Osdal.