Hopp til innhold

Supporterleiar: – Vi manglar vilje til å vinne

Det vart ein vestlandsthriller om den siste kvalifiseringsplassen til eliteserien. Sogndal tapte og Nest-Sotra vart snytt for uavgjort tre minuttar på overtid.

Vidar Vadseth

SKUFFA: Supporterleiar for Saftkokaradn, Vidar Vadseth, meiner laget hans spelte ein dårleg kamp. – No vert det cupfinale heile vegen. Alt kan skje, seier han.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Likevel: For Sogndal var det verkeleg hell i uhell då dei først tapte den siste og avgjerande runden 1–0 borte mot KFUM Oslo. På Hamar leia nemleg Nest–Sotra frå Hordaland to gonger mot middelfarar HamKam. Og då full tid var passert var stillinga 2–2. Dermed såg det ut til at det gjekk sotrastrilane og ikkje sogningane sin veg. Men ei frispark-scoring frå Jo Nymo Matland hos HamKam, tre minuttar på overtid, pulveriserte opprykksplanane til strilane og gav i staden Sogndal ein ny sjanse.

Klønemål

Dermed er det over for Nest-Sotra på toppnivå. Neste sesong gir Sotra-laget frå seg plassen til den nye samarbeidsklubben Øygarden FK. For Sogndal betyr resultatet ein bortekamp mot Kongsvinger.

Kampens einaste mål på Intility Arena i Oslo kom etter 41 minuttar. KFUM Oslo sin Abdul-Basit Agouda kolliderte med ein Sogndal-spelar, og brått var han åleine med ballen og Sogndal-målmann Mathias Lønne Dyngeland som var sjanselaus.

Eirik Bakke

SKUFFA: Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Skuffa Bakke

Sogndal-trenar Eirik Bakke er skuffa etter kampen. Laget hans skapte fleire sjansar, men lukkast ikkje med å få ballen i mål.

– Basert på prestasjonane burde vi hatt ei scoring, men så gjeld det å setje ballen i mål då, seier Bakke etter kampen.

– Eg er sjølvsagt glad for at vi får spele kvalifisering, men eg er skuffa over at vi ikkje klarte å avgjere sjølve.

– På ein god dag kan vi slå kven som helst

Det er usikkert når kvalifiseringskampen borte mot Kongsvinger vert spelt.

Sjølv er Sogndal-trenaren usikker på sjansane til laget sitt når dei skal til dei djupe skogane på Hedmarken. Å nå eliteserien i haust vedgår Bakke vert vanskeleg. I så fall må dei vinne fem kampar på rad.

– På ein god dag kan vi slå kven som helst. No får vi ein ny sjanse, mot Kongsvinger som vi fekk bank av tidlegare i år. No må vi prøve å revansjere det, seier Bakke.

Lykkast Sogndal i denne kampen ventar ein ny bortekamp mot KFUM Oslo, ført eventuelt Start ventar i Kristiansand. Vinnaren av denne kampen skal så spele to kampar mot laget som hamnar på kvalifiseringsplass i eliteserien.

Steffen Landro

SKUFFA: Nest-Sotra-trenar Steffen Landro.

Foto: Erik Bentdal Støverud / Vestnytt

Nest-Sotra-trenar: – Vi hadde fortent betre

Også hos sotrastrilane er skuffelsen stor etter dagens kamp.

– Vi har tatt fjerde mest poeng i serien, men hamnar på sjuandeplass, seier trenar Steffen Landro til Eurosport etter kampslutt.

– Spelarane har fortent meir. Vi har vore på beinet i heile år, då er det ekstremt surt å stå her utan noko som helst.

Supporterleiar: – Skuffande mangel på vilje

Også supporterleiar Vidar Vadseth i Saftkokaradn er skuffa.

– Dei spelte ein dårleg kamp. No vert det cupfinale heile vegen. Alt kan skje. Alle fotballkampar lever sitt eige liv.

­ – Kva skuffa seg mest?

– Det er viljen til ikkje å skape meir når vi treng eit mål. Det var skuffande.

Korleis er kjenslene dine i kveld?

– Litt glad og litt skuffa. Litt skuffa over måten vi står fram på, men glad for at vi likevel klarte å berge kvalikplassen. Eg veit at spelarane på Fosshaugane har eit inderleg ønskje om å rykke opp. No får dei ein ny sjanse, seier supporterleiaren.

Resultat og tabell 1 didvisjon fotball menn.