Hopp til innhold

Tapte veddemål - måtte spare til nisseskjegg og spraymåle det kvitt

Ole Morten Aase Øvrebø (28) var stor i kjeften, men tapte veddemålet. Dermed måtte han gå gjennom ei totalforandring i desember – i går vart han ein «ekte» julenisse.

Ole Morten Aase Øvrebø tapte veddemål - måtte bli nisse

NISSE: Ole Morten Aase Øvrebø måtte først spare til skjegg ein heil månad, i går spraya han skjegget kvitt.

Foto: Privat

Heilkvitt skjegg er kanskje noko av det viktigaste ein nisse har. Og nettopp det fekk naustedølen vise seg fram med på bitte lille julaftan. For vel ein månad sidan tapte han nemleg eit veddemål.

– Eg måtte spare til nisseskjegg og spraye det kvitt, seier Aase Øvrebø til NRK.no.

Var tøff i trynet på Facebook

Det heile starta ein novemberdag då Ole Morten Aase Øvrebø var på jobb. Som mange tusen andre menn over heile verda hadde 28-åringen spart til ansiktshår i anledning «Movember».

Men i staden for å kvitte seg med ansiktshåret når november var slutt vart det til at Aase Øvrebø måtte spare endå litt tid. Han gjekk nemleg med på eit veddemål. På Facebook skreiv han at han ville spare til nisseskjegg om mange likte statusen hans.

– Dersom det var 189 personar som likte statusen min på Facebook skulle eg spare til nisseskjegg til og med 22. desember, og farge skjegget med snøspray, fortel Aase Øvrebø.

Og dette fall jo sjølvsagt i smak hos mange. Som 28-åringen sjølv seier det:

– Dei dårlegaste vennane eg har, dei delte jo denne statusen og fekk folk til å like den.

– Dei dårlegaste vennane dine?

– Ja, eg synest det var litt dårleg gjort, ler han og fortel at det fort var over 189 som likte statusen.

– Dama mi gler seg veldig

Dermed måtte han berre byrje å spare til heilskjegg. Litt etter litt har skjegget blitt tjukkare og større, og ikkje alle har likt det dei har sett. Sjølv seier han at opplevinga har vore både positiv og negativ.

– Dama mi gler seg veldig til eg skal bli kvitt det, ler han.

– Folk har ikkje kjent meg att. Eg har sagt hei og god jul, men dei har sett dumt på meg og tenkt seg om i 20 sekund før dei forstår at det er meg.

Samtidig ser han det positive i det, han har spart litt i forhold til at barbersakene har fått ligge ubrukte.

Fram med snøsprayen...

Laurdag kveld var den lange spareprosessen endeleg over. Då var tida komen til at han måtte få målt skjegget kvitt. Aase Øverbø fortel at det heile nesten var i fed med å gå i vasken.

– Eg og ein kamerat leita rundt heile Førde for å finne snøspray, for det var jo utselt.

Den gode gamle snøsprayen er den folk flest brukar for å skape julestemning med ved å spraye den på vindauga. 28-åringen skulle derimot spraye den i ansiktet.

– Vi fann det til slutt på ein hobbybutikk, og ho dama bak kassa ønskte meg lykke til når ho forstod kva eg skulle gjere, flirer han.

– La seg eit fint snødekke

Vel heime fann han fram nisselua og byrja forvandlinga frå vanleg nisse til julenisse.

– Det var veldig kaldt til å begynne med, men det gjekk over. Det la seg eit fint snødekke, men det ville ikkje tørke heilt, fortel den unge nissen frå Naustdal.

Laurdag kveld skulle han på ein bursdagsfest, sjølv var han budd på mange reaksjonar.

– Eg trur ikkje at eg får så mange juleklemmar, sa han til NRK før festen starta.

Og dei som ville prøve tøyse seg med å dra i skjegget, dei kom til å leve farleg, åtvara han.

– Då blir det litt dårleg stemning, ler han.

Søndag fortel 28-åringen om ein vellukka kveld som nisse. Men då snøen i skjegget bokstavleg talt byrja snø, då vart det ein tur på badet for å vaske det vekk. Enn så lenge er skjegget der, men på julaftan forsvinn det også...