Hopp til innhold

Tapte søksmål mot Nordea

Bitcoin-handlar Sturle Sunde frå Florø tapte søksmålet mot Nordea. Han saksøkte banken då dei avslutta kundeforholdet hans. Det skjedde etter at Nordea meinte risikoen var stor for at mynthandelen til Sunde vart brukt som vekslingsteneste i transaksjonar mellom kriminelle. No har Oslo tingrett frikjent Nordea og dømt Sunde til å betale banken sine sakskostnader på nær 390.000 kroner. Sunde opplyser at dommen vert anka.

Sturle Sunde med ullsokkar
Foto: Aleksander Åsnes / NRK