Har tapt 11 av 13 kampar – gir ikkje opp håpet

Kaupanger-damene står med fire poeng på 13 kampar i 1. divisjon. Laurdag vart det nytt tap med 1–2 for Lyn i Oslo.

Camilla Ervik

TUNGT: Det har gått tungt for Camilla Ervik og resten av Kaupanger-damene i år. Laurdag gjekk dei på sitt 11. tap for sesongen.

Foto: Torben Stedje / NRK
Oddleif Løseth
Journalist

Det er ein slagen trenar Per Are Verlo som snakkar med NRK.no, kort tid etter at dommaren har blåst for full tid i 1. divisjonsoppgjeret.

Andrine Helgås sytte for 1–1 til pause. Avgjerda fall to minuttar på overtid.

– Dei fekk eit rimeleg billeg straffespark. Spelaren vår var heilt klart først på ballen, og Lyn-spelaren sprang i beina. Dette er frykteleg bitter. Det kjennest frykteleg urettferdig, seier Verlo.

Har ikkje gitt opp

Per Are Verlo

TRENAR: Per Are Verlo kjenner seg trygg på at Kaupanger vil snu skuta og berge plassen i 1. divisjon.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Då hadde laga utkjempa ein jamn batalje. Kaupanger ligg sist på tabellen med fire poeng. Avstanden til Fart på trygg grunn er tre poeng. Mellom dei ligg Fløya, også dei med sju poeng.

Poeng mot «middelhavsfararane» Lyn, hadde vore kjærkomne.

– Det hadde vore veldig bra for moralen og «boosten» i gruppa. Eg tykkjer vi gjer ein veldig bra prestasjon, og då er det seigt, seier Verlo.

– Med fire poeng så langt, har de byrja å gje opp å overleve?

– Slettes ikkje. Vi har spelt jamt med to av dei betre laga etter at haustsesongen starta, og vi har gode moglegheiter. Spesielt på heimebane. Vi kjem til å stå på til «the bitter end».

Skade på trio

Trass tapet, meiner Verlo å sjå forbetring i spelet. Og det utan sentrale Martine Nesse, Rebekka Skaasheim og Ingrid Nordnes. Trioen har vore ute i lengre tid med skade.

Med dei tilbake på bana vil det sjå endå lysare ut.

– Vi håpar å få eitt par av dei tilbake i trening om kort tid, og kampklare om eitt par veker, avsluttar Verlo.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.