Tapte operasjonssentralen – no er nye oppgåver på plass

FLORØ (NRK): Om to veker skal politiet sin operasjonssentral verte flytta frå Florø til Bergen. No begynner det å bli klart kva dei attverande politifolka skal sysle med.

Bengt Ness

OPERASJONSSENTRALEN: Her sit Bengt Næss på politiet sin operasjonssentral i Florø.

Foto: NRK Sogn og Fjordane / NRK

– Det har vore vanskeleg når vi to-tre veker før nedlegginga ikkje har visst kor vi skal jobbe i framtida, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord.

Han har fått beskjed om at han får halde fram i fylket, men Florø blir byta ut med Nordfjord. Det gjer at han har bestemt seg for å pensjonere seg til sommaren.

– Å jobbe på operasjonssentralen i Florø har vore ein av dei beste stadene eg har jobba i politiet. Hadde eg kunne ha haldt fram her, hadde eg nok gjort det, seier Nord.

Og fleire andre av politifolka i Florø gjer det same som Nord, og nyttar høvet til å gå av med pensjon. Det vil likevel vere ein god del av dei 20 tilsette som blir igjen i Florø.

Operasjonssentralen i Florø

SKAL FLYTTE TIL BERGEN: Dei 20 tilsette ved operasjonssentralen i Florø har alle fått tilbod om å halde fram anten i FLorø eller andre stader i politiet.

Foto: Stein Aase / NRK

Har fått nye oppgåver

No har dei tilsette som blir att i Florø byrja å få beskjed om kva dei skal jobbe med.

– Det skal mellom anna vere digitalt politiarbeid. Det blir ein god del aktivitet her. Vi kan alltid ønske oss meir, men dette er ei byrjing, så får vi sjå korleis det utviklar seg, seier politiinspektør Odd Arve Solvåg.

Florø blir no ein av to stader der digitalt politiarbeid skal styrast frå. Odd Arve Solvåg skal blant anna gå over til å jobbe digitalt politiarbeid.

– Vi blir fire personar som skal jobbe med det. Digitalt politiarbeid er eit vekstområde, og vi har fått signal på at dette er noko som skal bli satsa på.

Odd Arve Solvåg

SKAL FÅ NOK Å GJERE PÅ: Politiinspektør Odd Arve Solvåg seier at det framleis vil vere eit politimiljø i Florø.

Foto: Stein Aase / NRK

Har vore klar over nedlegginga

Solvåg fortel at håpet er at dei nye oppgåvene skal demme opp for alle oppgåvene som no forsvinn til Bergen.

– Vi har sett at dette ville skje over ein lengre periode, vi vil motverke kompetansetapet. Det har vi gjort gjennom å folk frå operasjonssentralen i Bergen her til Florø, for å vise korleis distriktet seg ut og kva utfordringar vi har.

Fleire ved kontoret i Florø skal no gå av med pensjon, men Solvåg fortel at ingen av dei 20 tilsette i Florø mister jobben sin i politiet.

– Alle har fått tilbod om ny jobb i Sogn og Fjordane eller i ein fellesfunksjon i Vest politidistrikt.