Tapte millionar i andre kvartal

Hydro sine verk i Sogn og Fjordane gjekk med kraftig underskot i andre kvartal. Metallverket i Årdal gjekk med eit underskot på 62 millionar kroner før renter og skatt. I første halvår i 2019 har Hydro i Årdal eit samla underskot på 174 millionar kroner. I 2018 hadde dei eit overskot på nær 200 millionar. Fabrikksjef Wenche Eldegard forklarar resultatet med høge råstoffprisar og låge salsprisar. Situasjonen er den same i Høyanger, der underskotet i andre kvartal var på 13 millionar. Samla sett for 2019 er underskotet på 34 millionar.

Hydro Årdal metallverk 2016
Foto: Kjell Arvid Stølen