NRK Meny
Normal

Tapte med 10 mann

Sogndal tok leiinga tidleg i første omgang, men måtte avslutte med ti mann etter at Babacar Sarr fekk sitt andre gule kort. Strømsgodset snudde kampen og vann 2–1 i Drammen.

Eirik Bakke

TOMHENDT HEIM: Eirik Bakke og Sogndal måtte sjå tre poeng forsinne ut av lomma på Marienlyst stadion. Arkivfoto

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Sogndal Trenar Eirik Bakke hadde henta fram nøyaktig same førsteellevar som vann mot Haugesund, når Sogndal i ettermiddag møtte Strømsgodset på borte bane.

Etter ein jamspelt første omgang, der dei fekk annulert eitt mål, tok Sogndal leiinga ved Bjørn Inge Utvik etter 47 minutt. Då Babacar Sarr fekk sitt andre gule kort 13 minutt seinare, rakna det for bortelaget.

Berre tre minutt etter at Sarr hadde gått av graset, utlikna Marcus Pedersen for Strømsgodset. Den same Pedersen fastsette sluttresultatet til 2–1 i det 70. minutt.

Vi følgde kampen minutt for minutt:

Laster innhold, vennligst vent..
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser