Hopp til innhold

Gjekk til sak mot staten og tapte: No må hunden deira avlivast

Etter at hunden gjekk til angrep på ein mann i fjor, vart det fatta eit avlivingsvedtak på hunden, noko eigarane nekta å godta. Dei stemna staten for retten. Men no har Fjordane tingrett bestemt at hunden må døy.

Fjordane tingrett 10

MÅ AVLIVAST: Fjordane tingrett har bestemt at den tre år gamle hunden skal avlivast.

Den tre år gamle hunden har budd hos eigarane sine på ein gard i Sunnfjord sidan mai 2012. Før dette har den vore omplassert fleire gonger, og er ein blanding mellom schæfer og rottweiler.

Åtaket skjedde i august 2013. Ein av eigarane var ute på tur med hunden då han skal ha gått til angrep på ein forbipasserande mann. Det var ingen teikn til bittskadar, men mannen fekk eit 5 cm langt risp i venstre underarm.

Vart fatta avlivingsvedtak

Etter denne hendinga, og på bakgrunn av opplysningar frå andre personar som melde om at hunden hadde ei aggressiv åtferd, sende Sogn og Fjordane politidistrikt førehandsvarsel om avliving av hunden. Brevet vart sendt den 6. september 2013. Hunden skulle avlivast den 8. januar 2014.

Eigarane var sterkt usamde i vedtaket. Etter ein avvist klage gjekk dei til sak mot Justis- og beredskapsdepartementet for å få oppheva avlivingsvedtaket.

Dei retta seg heller ikkje etter politiet sitt krav om å levere hunden på kennel til forvaring. Hunden vart gøymd ulike stadar i landet.

Gjekk til sak

I rettssaka vart det lagt fram ulike versjonar av kva som eigentleg skjedde i august 2013.

Fornærma i saka meiner eigaren mista kontroll over hunden, og at den beit seg fast i armen hans. Han forklarte at angrepet var heilt uprovosert og at hunden gjekk til åtak på han ved riksvegen.

Eigaren forklarte at fornærma ropte og veiva med armane inne på hundeeigaren sin eigedom.

Retten fant ikkje grunn til at ei ny omplassering av hunden ville vere eit forsvarleg alternativ. Retten har vidare lagt vekt på at hunden har stort skadepotensial.

Etter ei samla vurdering kom retten fram til at det ikkje er uforholdsmessig å avlive. Avlivingsvedtaket vert dermed ståande.