– Eg syns sjølvsagt det er leit. Ikkje berre for meg, men for heile næringa, seier Dalsbotten.
I januar møtte Britt Dalsbotten Sparebanken Vest i Fjordane tingrett i saka om oppseiing av tilsette.
Dalsbotten meiner ho blei sagt opp av Sparebanken Vest på feil grunnlag, og at banken ikkje la stor nok vekt på ansiennitet eller kvalifikasjonar under nedbemanningar i fjor.
Det var ikkje Fjordane Tingrett einig i. No er Dalsbotten dømt til å betale i overkant av 236.000 i saksomkostnader til Sparebanken Vest.
– Ei kynisk nedbemanning
Det var i februar i fjor at Sparebanken Vest varsla om planane om å nedbemanne med over hundre tilsette, for å omstille seg i digital retning.
- Les meir om saka her.
Dalsbotten som også er kjent som stortingskandidat for Frp i Sogn og Fjordane, har vore regionstillitsvalt i Sparebanken Vest i Sogn og Fjordane ei årrekkje, blei både irritert og overraska då ho fekk beskjed om at ho var ei av dei som måtte gå. Ho hadde då jobba i banken i over ti år.
Dalsbotten sa i januar i år til NRK at ho forstod at banken måtte ta visse grep, men at ho var heilt ueinig i korleis Sparebanken Vest gjennomførte nedbemanningane.
Ho meina mellom anna at banken bevisst ville kvitte seg med ho fordi ho var tillitsvalt.
Fjordane Tingrett kom derimot fram til at Sparebanken Vest gjennomførte drøftingar om oppseiing av tillitsvalde som grundig og forsvarleg.
– Som venta
Lars Ove Breivik, informasjonssjef i Sparebanken Vest seier domen var som venta.
– Vi kjende oss trygge på dette utfallet. Vi meiner saka er behandla grundig frå vår side. Det resultatet som kom i retten i dag var heilt som venta.
- Les også:
No må altså Dalsbotten betale i overkant av 230.000 kroner i sakskostnader til Sparebanken Vest.
– Eg har Finansforbundet i ryggen. Det er ein god tryggleik. Eg visste på førehand at det var eit sjansespel å ta det til retten, men det prinsipielle i saka var viktig for meg. Det er ei kynisk nedbemanning i bransjen. Dette kunne lett vore løyst ved fri vilje, seier Dalsbotten.