Hopp til innhold

Tapte første slag om finalebilletten

Førde volleyballklubb har ein jobb å gjere på heimebane om det skal bli cupfinale i januar.

Førde tapte første av to semifinalar i cupen mot Randaberg

TAP: Førde-trenar Jan Egil Tvinde (ståande) var langt få nøgd med prestasjonane til spelarane i det femte og avgjerande settet.

Foto: Anders Nedland Røneid

Førde tok det første settet, men måtte til slutt sjå eit elendig femte sett avgjere semifinalen i favør av Randaberg.

Rogalendingane vann til slutt 3–2 (22-25, 25-20, 25-18, 20-25, 15-7) og tok med det første stikk.

– Vi gjorde ein god kamp, men siste settet var for dårleg. No må vi vinne 3–1 eller 3–0 for å klare cupfinalen, seier trenar Jan Egil Tvinde.

– Ikkje umogleg

Returmøte går i Førdehuset førstkommande laurdag klokka 14. Endar kampen 3–2 må laga ut i eit såkalla golden sett – eit siste og avgjerande sett – for å kåre finalelaget.

Førde VBK tapte første av to semifinalar mot Randaberg

KAN KLARE: Førde tapte den første av to semifinalar mot Randaberg og må vinne med to eller tre sett heime i Førdehuset neste helg.

Foto: Anders Nedland Røneid

– Det er ikkje umogleg å ta Randaberg både 3–1 og 3-0, men vi har litt å hente på mottak og blokk om det skal gå. I dag var vi mange gonger på rett plass i blokk, men likevel vart det for mange nesten blokkar, seier Tvinde som i kvartfinalen såg disiplane sette Nyborg på plass.

– Randaberg er ikkje betre enn Nyborg, men sjølv om vi spelte godt så var vi ikkje like gode i dag som mot Nyborg, held Tvinde fram.

Styrka med serbar

Randaberg er bak tredjeplasserte Førde i serien, men før laurdagens semifinale melde Rogalands Avis at laget styrka med Ljubisa Janjic. Den tidlegare toppspelaren i Serbia kvitterte med 11 poeng for rogalandsklubben.

– Han var god, men så har han også spelt proff i Serbia fram til dei siste åra. Han kom igjennom ein god del i angrep, seier Tvinde.

Lars Fredrik Tvinde Førdes mest verdifulle spelar med 20 poeng. Heimelagets Gøran Rønneberg vart kampens mest verdifulle spelar med 23 poeng.