Tapte EM-kvalifisering

Sogndøl Johan Hove og Sogndal-spelar Jonas Fredriksen spelte heile kampen for det norske G18 laget som tapte 2–1 mot Slovakia i ettermiddag. Kampen var den første av tre i EM-kvalifiseringa. Det står igjen to kampar for Noreg, mot Ukraina og Albania. Det er kampar Noreg bør vinne for å kunne ta seg til EM-sluttspelet.