Hopp til innhold

Tapte 24 millionar på Fundo Wheels

2008 blei eit elendig år for Stiftelsen Høyangerfondet.

Fundo Wheels i Høyanger

Arkivfoto: Felgfabrikken Fundo Wheels blei slått konkurs i januar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det skriv Bergens Tidende.

Stiftelsen tapte 24 millionar kroner då felgfabrikken Fundo Wheels blei slått konkurs i januar.

Desse millionane er ein del av eit større beløp stiftelsen fekk frå Norsk Hydro, til å skaffe nye arbeidsplassar etter at den gamle Søderberghallen ved aluminiumsverket var stengd.