NRK Meny
Normal

Tapte 20 mill. på konkurs

20 millioner kroner vart med i dragsuget då ferie- og konferansesenteret Vesterland på Kaupanger gjekk konkurs i februar i fjor.

Bustyrar Louis Anda seier han aldri tidlegare har sett så store tap etter ein konkurs i Sogn.

Store kostnader

Louis Anda
Foto: NRK

Vesterland hadde store visjonar og mange planar. Men i fjor vinter gjekk selskapet på Kaupanger konkurs.

- Selskapet hadde store kostnader i samband med etableringa som hotell og konferansesenter. Då etterspurnaden svikta var ikkje inntektene store nok til å dekke finanskostnadene, forklarar Anda.

- Kan sjå langt etter pengane

Etter konkursen skulda buet kreditorane i overkant av 30 millioner kroner. Indre Sogn Sparebank henta ut 10 millionar kroner gjennom pant på eigedommen. Men framleis har banken ti millionar til gode i buet. Selskapet skuldar også 4,3 millionar kroner i skatt.

Anda sender no saka vidare til skifteretten. Han meiner toget er gått for kreditorane.

- Kreditorane må nok sjå langt etter pengane, konkluderer bustyraren.