Hopp til innhold

Tapte 100 000 på dårleg bru

Norway Pelagic i Kalvåg tapte i helga 100 000 kroner då eit vogntog vart ståande fast på ei bru på den kommunale vegen til mottaket.

Trailer sperrar brua til kalvøya

Venstre bakhjul hamna utfor brua, og dermed stod vogntoget bom fast i nær eit døgn.

Foto: Dag Steinar Førde

Fabrikksjef Per Røys har fleire gonger åtvara kommunen mot den smale og dårlege brua. No vil han at kommunen ordnar opp.

- Eg har åtvara mot det i 20 år. Det er skremmande dersom ein tek seg ein tur under brua, og ser kva tilstand stålbjelkane har. Dei vart sett opp i 1954 og det er fem centimeter med kav rust kring dei, seier Røys.

- Gått ut på dato

Vogntoget, som var fullasta med sild, stod bom fast i nær eit døgn på den 15 meter lange brua. Venstre bakhjul var komen utfor brua. Ein frykta lenge at vogntoget skulle hamne i sjøen. Vegen er einaste tilkomstveg til Kalvøya der mottaket ligg. I går måtte Norway Pelagic fryse ned all sild, istadenfor å selje den fersk.

Bergingsarbeid på Kalvøya i Kålvåg

Vogntoget vart søndag berga frå brua.

Foto: Alf-Håkon Harlem

- Brua har gått ut på dato. Eg veit ikkje kor mange dekk som er rivne sunde på denne brua. Det har kosta mykje for transportørane opp gjennom tida, seier Røys.

Vil legge om

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, seier at dei ikkje kan love når brua er utbetra, men seier at kommunen planlegg å bygge ei ny bru i området.

- Dette er eit problem som Per Røys har teke opp tidlegare, som gjorde at kommunen løyvde pengar til planarbeidet. For tida er det i gang planarbeid som skal sjå på heile Kalvøya og legge om tilførselen slik at ein får den optimale løysinga, seier han.