Tapstala stig etter nye kadaverfunn i Lavikdalen

I går og i dag er det gjort funn av fire nye sauekadaver i Lavikdalen. – Det er uråd å seie om det er ulv eller ikkje som har teke dei, seier beitelagsleiar Ove Sørestrand.

Sauekadaver i Lavikdalen

LITE SPOR: Sauekadavera SNO undersøkte torsdag var så øydelagde et det var uråd å slå fast om dei var tekne av ulv eller ikkje.

Foto: Statens Naturoppsyn

Tre kadaver vart i dag undersøkte rovviltkontakt i SNO, Ingmar Slettmark.

Totalt er det no funne 12 sauekadaver. Tre av desse meiner SNO er tekne av ulv.

– Det er berre å oppmode grunneigarane til å finne og sjå etter sau. Men ein må hugse å dekke til kadavera. Ørn og ramn et opp alle spora, seier Slettmark.

Kan ikkje stadfeste

Det er det som har skjedd med dei siste kadavera som er funne i fjella i Lavikdalen.

I all hovudsak er det berre bein og noko skinn att av dyra. Det er ikkje nok til å stadfeste, eller avkrefte, at ulv har vore på ferde.

– Du ser hol, men du ser ikkje heile bittmønsteret. To av kadavera vi såg på i dag, vart nok drepne før helga. Eitt av dei var i live søndag, men dødt tysdag. Allereie torsdag var det nesten berre skinn og bein att. Det går fort i fjellet, seier Slettmark.

Mange dyr er borte

Fylkesmannen gav i går fellingsløyve på ein ulv i området mellom Dalsfjorden og Sognefjorden.

I Lavikdalen fryktar bøndene at langt fleire dyr kan vere tekne av rovdyret.

– Det gjeld spesielt tre-fire buskapar som går i området der det er påvist ulv. Der er det mange dyr ein ikkje kan gjere greie for, seier leiar i Høyanger Nordside Beitelag, Ove Sørestrand.

– Kor mange dyr?

– Det er vanskeleg å seie, men det er over 50 dyr.

– Ting skjer her

Ein ting er i alle fall sikkert, det er ting som ikkje stemmer i fjella i Lavikdalen. Sauer er skremde, går i område dei ikkje plar – og så kadavera. Det er ikkje berre lam.

Torsdag vart ein vaksen sau undersøkt. Ein raudrev ville truleg ikkje klart å drepe den. 80 meter unna låg eit dødt lam.

Like ved eitt av kadavera er det funne ekskrement. Slettmark håpar det gir svar.

– Det er ting som tyder på at det er ting som skjer i området, seier han.

Skal ut

Dei siste kadavera vart funne i nedre Lavikdalen, nær dei fem som vart funne måndag.

Beitelaget har kring 2.100 småfe på beite. Eit normalår er tapsprosent på 4,5.

To bønder har allereie sanka ned sine dyr. Fleire vurderer å gjere det same.

– Om ein tek ned sauene, så er utfordringa om ein har nok beite. Mange har fått veldig reduserte avlingar, har gjødsla opp att og prøver på ein tredjeslått. Men dette er vurderingar som blir gjort fortløpande, seier Sørestrand.