Hopp til innhold

Taper store pengar på straumbrot

Eit halvt døgn etter at torevêr skapte problem på Vestlandet er delar av Fjærland sentrum framleis utan straum.

Straumen er borte Norsk Bremuseum i Fjærland

UTAN STRAUM: Utstillingane på Norsk Bremuseum er avhengige av straum. Turistane får difor sleppe inn gratis torsdag. Takka vere store takvindauge var det litt lys inne i bygget.

Foto: Birger Meland / NRK

Dette gjev både bønder og reiselivsnæringa store utfordringar og økonomiske tap.

Ved Norsk Bremuseum må dei sleppe hundrevis av turistar gratis inn til utstillingar som ligg i mørke. Så mykje som ni busslaster med turistar kom til opne dører, men mørklagde lokale, det skriv Sogn Avis.

- Det er litt forferdeleg! Vi har det heilt mørkt, men det går no likevel masse folk her og ser seg rundt, seier vaktmeister på Bremuseet, Svein Arne Bøyum.

Lynet slo ned i Fjærland ved 20-tida onsdag kveld og gjorde at både Fjærland og store deler av Sogndalsdalen vart utan straum. Ved 12-tida torsdag er mange abonnentar i Fjærland som framleis må klare seg utan.

Ved 10-tida hadde abonnentane i Sogndalsdalen fram til Støleholmen fått att straumen.

På Mundal Hotel måtte gjestene ete frukost i mørket, medan dei tilsette framleis ventar på å få ta oppvasken frå i går.

På Bremuseet tapar dei pengar for kvar time som går.

- Det går ikkje an å ta betalt når ikkje utstillingane verkar som dei skal, seier Bøyum oppgitt.

Sognekraft seier til NRK.no ved 12-tida at dei framleis arbeider med å rette feilen som gjer at store deler av Fjærland ikkje har fått attende straumen.