Gulen har tidlegare fått støtte av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, og det betyr ein del for Gulen kvar grensa går. For dersom grensa mot Fedje og Hordaland blir lagt etter midtlinja, så får ikkje Gulen eige heilt ut til 12 nautiske mil, som er sokkelgrensa. I så fall går kommunen glipp av framtidig eigedomsskatt frå røyrleidningar. Akkurat no behandlar dei konsesjon for ein ny gassrøyrleidning inn til Mongstad.
Historisk rett
Ordførar Trude Brosvik meiner dei har historisk dekning for at det ikkje er rett å legge grensa mellom Gulen og Fedje etter midtlinja. Statens Kartverk har gamle oppteikningar som seier at Gulen eig ut i havet. Når det ligg eldre skrifter som slår fast eit prinsipp, så meiner ordføraren at ein skal halde seg til det, og ikkje midtlinjeprinsippet. Det prinsippet er greitt i dei tilfelle der ein må setje ei ny grense, seier ho.