Hopp til innhold

Taper store pengar på flytting av renn

Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord mister om lag 3,3 millionar kroner i omsetnad på at Hovudlandsrennet blir flytta vekk frå Markane i Stryn.

Taper omsetning på 3,3 millionar kroner

TAPER PÅ FLYTTING AV SKIARRANGEMENT: Direktør Richard Grov, Hotel Alexandra

Foto: Montasje: Oddleif Løset/Privat / NRK

– På Hotel Loenfjord og Hotel Alexandra skulle vi ha nærare 750 overnattande gjester i tre dagar. Så dette får store konsekvensar, seier hotelldirektør Richard Grov.

På grunn av mangel på snø har Norges Skiforbund kome til at det ikkje er forsvarleg å arrangere Hovudlandsrennet for 15-16-åringar i Markane i Stryn.

Arrangementet skulle gått av stabelen 28. februar til 2. mars. No er arrangementet «gitt tilbake» til Skiforbundet som skal finne ei alternativ løysing.

Har køyrt snø for 100 000 kroner

– Med tanke på alle dugnadstimar som er lagt ned så er dette tungt, seier rennleiar Sigbjørn Fænn.

I veker og månadar har det vore jobba for å få til skiarrangementet i Markane. Trass i at det har vore køyrt snø til løypene på Ulsheim for 100.000 kroner blei det for lite.

– Stadion er delvis berr, og sjølv om vi ha køyrt til snø så har vi ikkje klart å få breidde nok i løypetraseane som var tenkt brukt.

(Saka held fram under biletet)

Ullsheim tysdag 18. februar.

IKKJE NOK SNØ: Hovudlandsrennet blir flytta frå Ulsheim.

Foto: Webkamera / Markane IL

Fænn seier at dei einaste som kunne ha redda arrangementet på elles så snøsikre Ulsheim var eit snøfall på minst ein halvmeter i helga.

– Det har vist seg at den snøen vi har køyrt ned frå fjellet er det ikkje nok hald i, den blir fort sukker. Dermed blir det svært vanskeleg å få til gode nok løyper til så mange løparar som ein vil få under eit hovudlandsrenn.

No blir rennet i staden flytta til ein annan stad i landet.

Håpar på nye arrangementet

– Vi er vane med opp- og nedturar, seier hotelldirektør Richard Grov.

Denne gongen var det Stryn som miste eit arrangement på grunn av snømangel, tidlegare har det vore omvendt.

– Vi har hatt eksempel på at andre landsdelar har vore nøydde til å kansellere og at vi på kort varsel har fått inn arrangement.

– Som nordfjordingar og innbyggarar i Sogn og Fjordane så lar vi oss ikkje knekke av dette.